| Søknadsfrist: |
27.09.2026
|
| Søknadsfrist: |
25.09.2026
|

Ledig frå 01.01.27
Vil du vere med og utvikle eit godt og framtidsretta jordmortenestetilbod i regionen? Vi søkjer etter ein engasjert og fagleg dyktig jordmor til ei spennande kombinert stilling med arbeid både innan kommunal svangerskapsomsorg og interkommunal jordmorvakt.
Stillinga er delt mellom:
Stillinga er ein del av Helsestasjon og skulehelsetenesta med kontor i 2. etasje på Vågå helsesenter.
Du vil få ein variert arbeidskvardag med høve til å følgje kvinner og familiar gjennom svangerskap, fødsel og barseltid.
Vi søkjer deg som:
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtalar. Det blir stilt krav om politiattest før tiltreding.
Søknadsfrist: 02.10.26
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no
For nærare opplysningar om stillinga, kontakt liv.olasveen@vaga.kommune.no, tlf.99028291/47627394
Eller jordmor Annhild Aassve, tlf. 41494635, epost. Annhild.aassve@vaga.kommune.no
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Vågå kommune ligg midt i nasjonalparkriket, med Jotunheimen og Rondane som næraste naboar. Besseggen, kåra av National Geographic til ein av dei 20 World's best hikes , blir årleg besøkt av 60-70.000 fotturistar. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt og allsidig utbygd servicetilbod. Vågå har eit svært godt barnehage- og skuletilbod, med m.a. eigen PC til alle i grunnskulen. Kulturlivet er allsidig og rikt, og rommar noko for ei kvar interesse. Naturen gjev moglegheit for store naturopplevingar, som til dømes jakt og fiske, luftsport, langrenn og alpint. Sjå vågåleve.no for å bli betre kjend med oss.