
Det er ledig 100% vikariat som styrar ved Byrte barnehage frå 01.01 - 2027 og fram til 30.06 - 2027.
Tokke kommune har sett fokus på fagleg utvikling, med ulike pedagogiske innfallsvinklar. Styrar i Byrte samarbeider tett med Dalen barnehage i høve utviklingsarbeid. Kollektiv kompetanseutvikling står sentralt – betre tverrfagleg innsats (BTI).
Frå hausten 2023 vart barnehagane i Tokke «Liv og røre barnehagar».
Byrte barnehage er ein 1 avdelings barnehage med plass til inntil 12 barn (avhengig av alder på barna). Me har barn i alderen 1 - 6 år. Barnehagen er ein del av Byrte samfunnshus med flotte turområder, badeplass og skiløyper i nærleiken.
Organisering
Barnehagen i Byrte er open måndag, tysdag og onsdag frå kl 07.30 – 16.30. Det er totalt 2 - 3 tilsette (inkludert styrar) med ei ressursramme på ca. 180%. Dei 3 dagane barnehagen er open vil du vere pedagogisk leiar. Torsdagane nyttast til administrasjon - og møtetid. Då ein får lange arbeidsdagar måndag til torsdag vil ein kunne avspasere dei fleste fredagar.
Tone Lunde Skaalen, Kommunalsjef Oppvekst, +47 97171406
Tokke kommune ligg i Vest-Telemark, midt mellom aust- og vestlandet. Kommunen har 2160 innbyggjarar og eit areal på 980 km2. Det er om lag 3,5 timar køyring til Oslo og 2 timar til fylkeshovudstaden Skien. Kommunehuset er lokalisert på Dalen, i nærleiken av det historiske Dalen Hotel og Telemarkskanalen.
Me er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har eitt av sine to regionkontor i kommunen. I Tokke ligg òg Vest-Telemark vidaregåande skule.
Tokke har eit aktivt kulturliv med mange frivillige lag som nyttar kulturhus, grendehus og idrettsanlegg. Den siste flotte innsats som vi har i Tokke er eit kunstverk av ei badstoga, Soria Moria, blinkande som eit smykke i Bandak.