| Søknadsfrist: |
24.07.2026
|
| Søknadsfrist: |
24.07.2026
|

Vi har ledig svangerskapsvikariat som helsefagarbeidar i 75% stilling. Vikariatet er for perioden 01.09.2026 til 28.06.27.
Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar fordelt på to avdelingar, der kvar avdeling har 3-4 grupper med 9-10 bebuarar i kvar gruppe. Me har eige kjøkken og eigen lege, og tilbyr både korttids- og langtidsopphald. Som nattevakt ved Osterøytunet vil du arbeide på alle avdelingar ved sjukeheimen, og du vil også vere ein del av utetenesta i kommunen. Du vil få grundig opplæring i dei arbeidsoppgåvene du blir sett til.
På Osterøytunet nyttar vi moderne velferdsteknologiske løysingar, mellom anna nytt digitalt alarmsystem med mobile responsløysingar og RoomMate
Me har fokus på utvikling, kompetansedeling og eit godt arbeidsmiljø der medarbeidarane får bidra med erfaringar og vere del av utviklinga av tenestene.
Andre opplysningar / Ansettelsesvilkår:
Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 md. om du får tilbod om stilling
Tilsetting skjer med 6 månaders prøvetid i samsvar med gjeldande regelverk i kommunen.
Osterøy er Norges største innlandsøy med rett over 8000 innbyggjarar. Øya ligg nordaust for Bergen og har fastlandsforbinding via bru eller ferje. Det tek ca. 20 minutt frå Arna og 40 minutt frå Bergen med bil.