| Søknadsfrist: |
26.06.2026
|
| Søknadsfrist: |
26.06.2026
|

Korttidsavdelinga tek imot pasientar i alle aldrar som er i ein overgangsfase, til dømes etter sjukehusopphald, ved behov for tett oppfølging over ein avgrensa periode, eller før retur til eigen heim eller vidare til andre kommunale tenester som langtidsplass i institusjon. Avdelinga tek også imot pasientar med behov for lindrande behandling og palliativ oppfølging.
Det er fast tilsette sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar i avdelinga. Dei arbeider tett saman med sjukepleiarteamet, sjukeheimslegen og ergo- og fysioavdelinga, og samarbeider med heimetenesta om pasientar som er felles brukarar av kommunale helsetenester.
Stillinga er ledig frå 05.08.2026 og gir høve til ein spennande og variert arbeidskvardag.
Turnus med arbeid kvar tredje helg
Vi søkjer etter deg som trivst i lag med pasientar i ulike livsfasar!
Du som er engasjert, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevner. Du må like å ha ansvar, men bør også like å spele kollegaene dine gode. Du bør evne å opprette god relasjon til både pasientar, deira pårørande og dine kollegaer.
Om du er helsefagarbeidar som likar å arbeide med pasienter som er i ein overgangsfase er dette ei god stilling for deg!
Ikkje nøl med å ta kontakt med oss om du lurar på noko!
Siv Katrin Eidhammer
Avdelingsleiar
+4793289401
siv.katrin.eidhammer@osteroy.kommune.no
Lina Traskinaite
Einingsleiar
+4746420526
lina.traskinaite@osteroy.kommune.no
Osterøy er Norges største innlandsøy med rett over 8000 innbyggjarar. Øya ligg nordaust for Bergen og har fastlandsforbinding via bru eller ferje. Det tek ca. 20 minutt frå Arna og 40 minutt frå Bergen med bil.