| Søknadsfrist: |
21.06.2026
|

Vi har ledig svangerskapsvikariat som kommunal fysioterapeut i 100 % stilling frå 01.09.2026 til 15.05.2027, med moglegheit for forlenging.
Fysioterapeuten skal ha ansvar for fysioterapioppfølging av heimebuande og institusjonsbebuarar – vaksne og eldre – både individuelt og i grupper.
Stillinga er organisert under ergo- og fysioterapitenesta i Osterøy kommune, med base ved Osterøytunet, sjukeheimen i kommunen.
Tenesta skal halde høg fagleg kvalitet og sikre den einskilde brukaren eit forsvarleg fysioterapitilbod tilpassa individuelle behov. Det vert lagt vekt på å fremje eigenmeistring og bidra til at eldre kan bu heime og vere sjølvstendige i eigen bustad så lenge som mogleg.
Stillinga er organisert i ergo- og fysioterapitenesta, der ergo- og fysioterapeutar arbeider tett saman med serviceteknikar og aktivitør i eit tverrfagleg team.
Om oss
Ergo- og fysioterapitenesta i Osterøy kommune består av ergo- og fysioterapeutar, aktivitør ved Osterøytunet og serviceteknikarar ved kommunen sitt korttidslager for hjelpemiddel og mottak av NAV-eigde hjelpemiddel.
Styrkane ved arbeidsplassen vår er mellom anna eit godt arbeidsmiljø prega av høg arbeidsmoral, tillit og trivsel.
Vi har varierte arbeidsdagar med stort spenn i alder, diagnosar, prognosar og tiltak hjå brukarane våre. Tenesta arbeider mellom anna med førebygging, behandling – individuelt og i grupper – tilrettelegging, palliasjon og råd og rettleiing til samarbeidspartar.
Vi har stort fokus på tverrfagleg og tverretatleg samarbeid. Arbeidskvardagen er variert og i stadig utvikling, med nye utfordringar og endringar som gjer arbeidsplassen både lærerik og spennande.
Tenesta har brei fagleg kompetanse og arbeider kunnskapsbasert med fokus på oppdatert praksis. Vi tilstrebar gode kontorplassar og tilgang til nødvendige behandlingslokale og utstyr.
Anne Sidsel Hoel
Avdelingsleiar
+4748146739
anne.sidsel.hoel@osteroy.kommune.no
Lina Traskinaite
Einingsleiar
+4746420526
lina.traskinaite@osteroy.kommune.no
Osterøy er Norges største innlandsøy med rett over 8000 innbyggjarar. Øya ligg nordaust for Bergen og har fastlandsforbinding via bru eller ferje. Det tek ca. 20 minutt frå Arna og 40 minutt frå Bergen med bil.