| Søknadsfrist: |
28.06.2026
|
| Søknadsfrist: |
28.06.2026
|

Vil du ha ei rolle der du bidreg til at menneske kjem ut i arbeid og blir sjølvstendige i eit nytt samfunn?
Integreringstenesta i Øystre Slidre søkjer ein strukturert og sjølvstendig programrådgjevar med god relasjonskompetanse.
Øystre Slidre kommune har dei siste åra teke imot eit stort tal flyktningar, i hovudsak frå Ukraina. Integreringstenesta har ansvar for busetting, kvalifisering og integrering av nykomne flyktningar i kommunen. Dette arbeidet er avgjerande både for den enkelte og for eit godt og inkluderande lokalsamfunn.
Introduksjonsprogrammet er eit kvalifiseringstilbod for vaksne flyktningar, og skal gi deltakarane moglegheit til overgang til arbeid eller vidare utdanning. Som programrådgjevar får du ei sentral rolle i å koordinere og følgje opp programmet til den enkelte deltakar. Du bidreg direkte til at menneske kjem ut i arbeid eller utdanning, og får moglegheit til å stå på eigne bein i eit nytt samfunn.
Du vil arbeide tett med deltakarane og bidra til eit heilskapleg og individuelt tilpassa opplegg som fremjar kvalifisering, språkleg utvikling og deltaking i arbeidslivet. Du vil ha stor grad av sjølvstende i arbeidskvardagen og ansvar for å følgje opp eigen deltakarportefølje over tid. Dette krev at du er tålmodig og trivast med å ta initiativ, prioritere og halde oversikt over fleire prosessar samstundes. Du vil vere einaste programrådgjevar i introduksjonsprogrammet, men inngå i eit sterkt fagmiljø i integreringstenesta og samarbeide med fleire interne og eksterne aktørar.
Stillinga passar for deg som trivst med ansvar og som motiverast av å bidra til at enkeltmenneske lukkast gjennom systematisk og målretta arbeid over tid. Du finn meining i å hjelpe menneske til å bli sjølvstendige, og kombinerer støtte og motivasjon med tydelege krav og forventningar.
Intervju er planlagt til torsdag 2.juli, eventuelt fredag 3.juli.
Du må ha:
Det er ynskjeleg med:
Vi ynskjer at du:
Øystre Slidre er en kommune i Innlandet fylke. Den grenser i nord til Vågå og Nord-Fron, i nordøst til Sør-Fron og Gausdal, i sørøst til Nord-Aurdal, i sørvest til Vestre Slidre, og i vest til Vang.
Kommunen ligger i Valdres i det sentrale Sør-Norge, mellom Hallingdal og Gudbrandsdalen.