| Søknadsfrist: |
25.06.2026
|
| Søknadsfrist: |
25.06.2026
|

Arbeidsstad
Bjørnafjorden kommune er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Grantun bufellesskap i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til personar med psykiske lidingar, og ligg nokre minutt i frå Os sentrum. Bufellesskapet gjev i hovudsak tenester til tenestmottakarar over 18 år og har 22 bebuarar med varierande bistandsbehov.
Stillingane er ein del av einingas ressursbemanning, men er for tida plassert i avdeling bufellesskap psykisk helse.
Arbeidsoppgåver
Vi jobbar etter recovery-tilnærminga som handlar om å bidra til ein personleg prosess der den enkelte får hjelp til å øve opp evne til å finne eigne meistringsstrategiar for å skape ein meiningsfull kvardag. Ved å jobbe med dette vil ein skape styrke til å meistre å leve eit godt liv med sine psykiske utfordringar.
Den kommunale tenesta har til hensikt å bidra til å stabilisera den psykiske helsa hos bebuar og støtte vedkommande til å bli i betre stand til å gjennomføra daglege gjeremål, og handtera utfordringar på ein sjølvstendig måte.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike mål og tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Det vil kunne ligge eit koordinator-ansvar til stillinga.
Stillingane er i turnus, med arbeid kvar 3. helg ordinære vakter, eller kvar 4. helg langvakter.
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Kontaktperson:
Avdelingsleiar Grantun Åse Kristin Uglehus
mob: +47 995 33 798
E-post: ugle@bjornafjorden.kommune.no
Bjørnafjorden kommune ligg i naturskjønne omgjevnader rundt Bjørnafjorden, sør for Bergen. Bjørnafjorden består av tidlegare Os og Fusa kommunar, med omlag 25.000 innbyggjarar og eit areal på 519km2.