| Søknadsfrist: |
01.07.2026
|
| Søknadsfrist: |
01.07.2026
|

Om oss:
Vågå kommune jobbar aktivt for å oppfylle dei nasjonale måla i Opptrappingsplanen for psykisk helse (2023–2033). Vi skal bidra til at fleire opplev god psykisk helse og livskvalitet, og at innbyggjarane får lett og likeverdig tilgang til hjelp. Arbeidet vårt er forankra i tre hovudområde:
Vi legg stor vekt på brukar medverknad, heilskaplege tenester og tverrfagleg samarbeid. Framover vil vi fortsette arbeidet med å utvikle det regionale samarbeidet innan rus og psykisk helse, og vi vil aktivt ta i bruk kunnskapsbaserte digitale verktøy i våre tilbod. Hjå oss blir du ein del av eit fagmiljø som set meistring, livskvalitet og inkludering i sentrum.
Vi er eit engasjert kollegium med variert bakgrunn og utdanning, som jobbar med menneske som har utfordringar knytt til rus, psykisk helse og/eller livsmeistring.
Arbeidsoppgåver:
Eigenskapar:
Vi tilbyr:
Søknad:
Søknad sendast via elektronisk søknadsskjema
Vedlegg til søknaden sendast til postmottak@vaga.kommune.no
Vågå kommune kan vera behjelpeleg med å skaffe bustad.
Søkjarar kan bli fortløpande vurdert
Søknadsfrist: 01.07.26
For nærare informasjon kontakt:
Vågå kommune ligg midt i nasjonalparkriket, med Jotunheimen og Rondane som næraste naboar. Besseggen, kåra av National Geographic til ein av dei 20 World's best hikes , blir årleg besøkt av 60-70.000 fotturistar. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt og allsidig utbygd servicetilbod. Vågå har eit svært godt barnehage- og skuletilbod, med m.a. eigen PC til alle i grunnskulen. Kulturlivet er allsidig og rikt, og rommar noko for ei kvar interesse. Naturen gjev moglegheit for store naturopplevingar, som til dømes jakt og fiske, luftsport, langrenn og alpint. Sjå vågåleve.no for å bli betre kjend med oss.