| Søknadsfrist: |
31.05.2026
|
| Søknadsfrist: |
31.05.2026
|

Vi har no to ledige sjukepleiarstillingar ved Fjaler sjukeheim, og søkjer fagleg sterke og motiverte medarbeidarar som ønskjer å gjere ein forskjell for pasientane våre.
Det kan vere aktuelt å gi funksjon som ressurssjukepleiar til kandidaten som blir vurdert som best eigna og har dei rette kvalifikasjonane.
Ressurssjukepleiar - du får eit særskilt ansvar for oppfølging av pasientar med alvorleg sjukdom. Du vil bidra til å etablere, utvikle og implementere gode rutinar for denne pasientgruppa, samt vere ein viktig ressurs i intern kompetanseheving i kommunen. Det er sett av tid i turnus til ressurssjukepleiarfunksjonen.
I Fjaler kommune er det to ressurssjukepleiarar som samarbeider tett. Du vil også bli ein del av eit fagleg nettverk for ressurssjukepleiarar innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Førde sitt føretaksområde, med deltaking på fleire årlege fagsamlingar.
Sjukepleiar med masterutdanning - du får eit særskilt ansvar for fagutvikling i eininga og delta i internundervising på tvers av helse og omsorg, samt forbetringsarbeid for å imøtekome framtidas behov. Du vil og ha eit overordna ansvar og vere kontaktperson i høve farmasøytiske tenester. Det ligg 20 % administrasjonstid til stillinga.
Sjukeheimen har årsturnus over 52 veker, med tredelt turnus og arbeid kvar 3. helg. Det er også mogleg med langvakter og arbeid kvar 4. helg.
I februar 2024 starta sjukeheimen opp med eit spennande utviklingsarbeid knytt til oppgåvedeling (TØRN-prosjektet). Målet er at tilsette skal få nye oppgåver og meir ansvar, og at sjukepleiarar på sikt får arbeide meir systematisk med sjukepleiarfagleg kompetanse. Samstundes ser vi på framtidige løysingar for teamarbeid i kommunen.
Vårt mål er å yte gode tenester. Vi har varierte og spanande arbeidsoppgåver, både for nyutdanna og for deg med lang erfaring. Vi søkjer deg som har interesse for eldreomsorg, er engasjert i fagutvikling og forbetringsarbeid, og som ønskjer å bidra til at bebuarane våre har eit godt liv på sjukeheimen.
Sjukepleiar:
Tilleggskvalifikasjon for sjukepleiar med master:
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for unntak frå offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Evy Solheim
tlf: +47 57738147
Vakre Fjaler kommune ligg i Sunnfjord i Vestland fylke, mellom fjord og fjell, om lag tre timar nord for Bergen.
Med vår flotte natur, engasjerte lokalsamfunn og spanane arbeidstilbod, er Fjaler kommune ein stad der livskvalitet står i fokus, og der menneske i alle livsfasar finn tryggleik og trivsel.