
Med våre over 6000 tilsette er Vestland fylkeskommune ein av dei største arbeidsstadane i fylket. Vi har ansvaret for 5547 km med fylkesveg, 278 tunnelar, 1988 bruer, 30 ferjesamband.
Vestland fylkeskommune skal sikre ein framtidsretta infrastruktur, med mål om å betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet.
Vi er ein av landets største byggherrer innan samferdsle, og vi har mange spanande investerings- og vedlikehaldsprosjekt i åra som kjem.
Geo og skredseksjonen er ein del av avdeling vegfag, ei avdeling med fokus på tverrfagleg samararbeid internt i eiga avdeling og i oppdrag for andre avdelingar i organisasjonen.
For å styrke vårt geotekniske fagmiljø på geo og skredseksjonen, søker vi no etter ein erfaren geoteknikar som med sin fagkompetanse vil bli ein sentral person når vi i framtida skal realisere spanande nye samferdsleprosjekt og utføre viktige drift- og vedlikehaldsoppgåver på våre fylkesvegar.
Geo og skredseksjonen består av eit kompetent fagmiljø innan geoteknikk, ingeniørgeologi, skred og vegteknologi. Vi er i dag 4 geoteknikarar, 7 ingeniørgeologar, 3 vegteknologar og 1 dak-operatør som er fordelt på våre kontorstadar i Leikanger, Voss og Bergen.
For denne stillinga vil kontorstaden vere Leikanger, men Bergen og Voss kan og vere aktuelle kontorstader for kvalifiserte søkarar.
Som geoteknikar på geo og skredseksjonen vil du få ein arbeidsdag som fordeler seg mellom kontor og feltarbeid. Du vil få stort ansvar med utfordrande og interessante arbeidsoppgåver, men til gjengjeld gjev me deg mykje friheit og fleksibilitet i arbeidskvardagen. Me er oppteken av at du har ein fin balanse mellom jobb og fritid. Du vil bli del av eit stort og veletablert fagmiljø innan samferdsle som består av omlag 380 medarbeidarar innan fleire fagområder, og du vil jobbe med geotekniske prosjektoppdrag både innan planprosjekt, investering, drift og vedlikehald. Noko reiseaktivitet må påreknast.
Typiske arbeidsoppgåver vil vere:
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.