| Søknadsfrist: |
23.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
23.04.2026
|

Om avdelinga
Lyngheia bufellesskap er eit bufellestiltak med seks personar som bur i eigne bueiningar. Bebuarane har varierande hjelpebehov og ulike diagnosar. Målet vårt er å bidra til at kvar enkelt bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, der trivsel, sjølvråderett og meistring står i fokus.
Vi er ei tverrfagleg personalgruppe beståande av vernepleiarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar og pleiemedarbeidarar. Lyngheia bufellesskap ligg sentralt i Straume-området, nær offentleg transport og kommunedelsenter.
Arbeidsoppgåver
Målretta miljøarbeid, rettleiing, praktisk bistand og helsehjelp.
Dokumentasjon i fagjournal.
Tilrettelegging og koordinering av tenesta.
Handtering av medisin etter gjeve løyve.
Arbeid med autismevenleg tilnærming.
Kjennskap til tvangsvedtak i tråd med helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
Kvalifikasjonar
Helsefagarbeidar. Anna relevant utdanning kan vurderast.
God kjennskap og/eller erfaring med arbeid med personar med autismespekterforstyrringar.
Kunnskap om helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
Medisinløyve – kompetanse til å dele ut klargjord medisin.
Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Ønskjeleg med
Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
Evne til samarbeid, men òg til å jobbe sjølvstendig.
Bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Evne til nytenking og utvikling av tenesta.
Engasjert i fagleg utvikling og interesse for brukargruppa.
Gode relasjonelle ferdigheiter.
Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagde.
Anna
Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.
Nattevakter på 10 timar. Vakta kan bli forlenga i samband med to nattevaktsmøte i året.
16 arbeidshelger per år.
Helsefagarbeidar som går natt, får eit ubekvemstillegg på 10 000 kr ( justert etter st. %)
Vi tilbyr:
Stillinga er ledig no.
Kontakt
Fredrik Degerman, avdelingsleiar Lyngheia – mobil: 488 60 948
Kristin Straume, einingsleiar MMNF – mobil: 997 99 526
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Nøkkelord: Lyngheia Blombakkane
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.