| Søknadsfrist: |
30.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
30.04.2026
|

Blombakkane bustader yter heildøgns omsorgstenester til 9 personar med psykisk utviklingshemming og ulike bistandsbehov. Blombakkane bustader ligg sentralt på Straume med gangavstand frå Straume bussterminal. Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvråderett, tillitsskapande arbeid og meistring tilleggas stor vekt. Vi er ein flott og tverrfagleg samansett personalgruppe beståande av vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar og assistentar. Arbeidsmiljøet er prega av tett samarbeid og derav stor kollegastøtte til kvarandre, noko vi verdsett høgt. Vi har no ein ledig 20% fast helgestilling. Stillinga er ledig frå 03.03.2026. Årsturnus ligg med ordinære vakter, og arbeid kvar 3 helg. Moglegheit for neste års turnus med lange vakter og arbeid kvar 4 helg.
Vi søkjer deg som brenn for å sikra gode tenester til menneske med utviklingshemming. Du er fagleg engasjert, og liker å ta ansvar og arbeide for god kvalitet i tenesta vår i samarbeid med andre.
Avdelingsleiar Blombakkane Bustader:
Daniel Savic Røed
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Nøkkelord: Lyngheia Blombakkane
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.