| Søknadsfrist: |
30.04.20226
|
| Søknadsfrist: |
30.04.20226
|

Om oss:
Vågå kommune jobbar aktivt for å oppfylle dei nasjonale måla i Opptrappingsplanen for psykisk helse (2023–2033). Vi skal bidra til at fleire opplev god psykisk helse og livskvalitet, og at innbyggjarane får lett og likeverdig tilgang til hjelp. Arbeidet vårt er forankra i tre hovudområde:
- helsefremjande og førebyggande psykisk helsearbeid
- gode og tilgjengelege tenester der folk bur
- styrka tilbod til personar med langvarige og samansette behov
Vi legg stor vekt på brukarmedverknad, heilskaplege tenester og tverrfagleg samarbeid. Framover vil vi fortsette arbeidet med å utvikle det regionale samarbeidet innan rus og psykisk helse, og vi vil aktivt ta i bruk kunnskapsbaserte digitale verktøy i våre tilbod. Hjå oss blir du ein del av eit fagmiljø som set meistring, livskvalitet og inkludering i sentrum.
Ein av våre dyktige medarbeidarar går av med pensjon til våren, og vi søkjer etter ein ny kollega. Vi er eit engasjert kollegium med variert bakgrunn og utdanning, som jobbar med menneske som har utfordringar knytt til rus, psykisk helse og/eller livsmeistring.
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar:
Eigenskapar:
Vi tilbyr:
Oppstart: d.d. eller snarast råd.
Vågå kommune kan vera behjelpeleg med å skaffe bustad.
Søkjarar kan bli fortløpande vurdert
For nærare informasjon kontakt tenesteleiar Liv Olasveen tlf: 99028291/47627394 eller e-post: liv.olasveen@vaga.kommune.no eller avdelingsleiar: Vera Testad Midtgard tlf: 48897211 eller e-post: vera.midtgard@vaga.kommune.no
Søknadsfrist: 30. april 2026
Vågå kommune nyttar elektroniske søknadskjema og du skal søkje på stillinga her: Elektronisk søknadsskjema
Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane, omtrent midt mellom Oslo og Trondheim, med ei reisetid til begge på knappe 4 timar, så vel med bil som med tog eller buss. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv. Vi meiner at det er viktig å ha ein god balanse mellom jobb og fritid - med ei passe mengde arbeidsoppgåver. Er du glad i friluftsliv kan du kople av i både skog og fjell: det finst gode fiske- og jaktmoglegheiter. Den rurale bygda har i tillegg fleire idrettslag med idrettsarenaer, fotballbaner og idrettshall med klatrevegg, skiløypenettverk og alpinsenter, og byr også på meir urbane tilbod som kulturhus, kino og galleri.
Vågå kommune ligg midt i nasjonalparkriket, med Jotunheimen og Rondane som næraste naboar. Besseggen, kåra av National Geographic til ein av dei 20 World's best hikes , blir årleg besøkt av 60-70.000 fotturistar. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt og allsidig utbygd servicetilbod. Vågå har eit svært godt barnehage- og skuletilbod, med m.a. eigen PC til alle i grunnskulen. Kulturlivet er allsidig og rikt, og rommar noko for ei kvar interesse. Naturen gjev moglegheit for store naturopplevingar, som til dømes jakt og fiske, luftsport, langrenn og alpint. Sjå vågåleve.no for å bli betre kjend med oss.