| Søknadsfrist: |
12.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
12.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
12.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
06.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
12.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
07.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
13.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
10.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
02.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
10.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
05.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
09.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
09.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
02.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
06.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
06.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
08.04.2026
|

Er du ein lærar som brenn for å inspirere og motivere elevar? Vi søkjer deg som vil forme framtida!
Det blir ledig mellombelse stillingar på barneskulane i Alver kommune frå 01.08.2026. Det er behov for kontaktlærarar og faglærarar.
Mange av skulane vil ha behov for ein eller fleire nye medarbeidarar til hausten.
Du kan lese meir om skulane våre her.
Som lærar hos oss vil du få moglegheita til å planleggje og gjennomføre engasjerande og varierte undervisningsopplegg som fremjar læring og meistring.
Du vil følgje opp elevane si faglege og sosiale utvikling, og sikre at alle får den støtta dei treng.
Du vil skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø der alle elevar føler seg sett og verdsett.
Du vil samarbeide tett med kollegaer, foreldre og andre fagpersonar for å sikre ei heilskapleg oppfølging av elevane.
I tillegg vil du bidra til skulen sitt faglege og sosiale miljø gjennom aktiv deltaking i utviklingsarbeid og prosjekt.
Vi ser etter lærarar med godkjent lærarutdanning og sterke faglege og didaktiske kunnskapar. Du er ein tydeleg og strukturert klasseleiar som evnar å tilpasse undervisninga til kvar einskild elev sine behov. Erfaring frå undervisning er ønskjeleg, og brei fagleg kompetanse vil vere ein fordel.
Personlege eigenskapar:
Vi verdset eigenskapar som evna til å byggje sterke relasjonar til både born og vaksne. Fleksibilitet, løysingsorientering og samarbeidsvilje er viktige eigenskapar for å trivast i vårt dynamiske miljø. Du har høge ambisjonar for elevane, kollegaene og deg sjølv, og set alltid elevane sin trivsel og læring først. Di positive haldning og gode humør vil bidra til ein inspirerande og energisk arbeidsplass.
Skulane har desse oppgåvene og fagspesifikke behova og ønsker om undervisningskompetanse for neste skuleår:
For spørsmål om stilllingane i skulane kan du kontakte dei direkte : https://alver.kommune.no/nav/skule_og_utdanning/skulane_vare
I tråd med opplæringslova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede
Som ein del av våre skular får du moglegheita til å vere ein del av eit engasjert og dyktig lærarteam. Du vil jobbe saman med flotte elevar som vil inspirere deg kvar dag. Vi tilbyr løn etter avtaleverket, som reflekterer dine kvalifikasjonar og erfaring.
Vi ser fram til å ønskje deg velkommen som ein verdifull tilvekst til vårt lærarteam.
Søk no og bli med på å forme våre elevar si framtid!
Alver kommune er ein heilt ny kommune! Vi ein av dei største kommunane i fylket med ca 30.000 innbyggjarar og 2650 tilsette. Vi treng fleire engasjerte og kompetente medarbeidarar!