| Søknadsfrist: |
09.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
09.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
05.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
09.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
02.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
06.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
06.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
08.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
07.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
07.04.2026
|

Bjørnafjorden kommune søkjer ein tydeleg og fagleg sterk fagleiar til Avdeling for Miljø og aktivitet.
Om kommunen
Bjørnafjorden kommune har over 26 000 innbyggjarar og omlag 1 800 tilsetja. Vi er ein nær og inkluderande kommune med ei klar målsetjing: «Det gode livet for alle».
Hos oss får du ei fagleiarrolle der du kan påverke utviklinga av tenester som gjer ein reell forskjell – både for enkeltmenneske og for lokalsamfunnet.
Om avdelinga
Avdelinga har ansvar for samordning av ambulerande tenester og lågterskeltilbod til personar med utfordringar knytt til psykisk helse, rus og kvardagsmeistring.
Avdelinga er organisert i tre fagteam:
Ambulerande helsehjelp
Heilskapleg oppfølging i eigen bustad for personar med samansette utfordringar innan rus, psykisk helse og livsmeistring. Målet er å auka meistring, stabilitet og livskvalitet.
Vartun bustadoppfølging og lågterskeltilbod
Tilbodet gir trygge rammer og målretta oppfølging som fremjar sjølvstende i eigen bustad. Tenesta omfattar mellom anna samtalar, varme måltid, sosialt fellesskap, utdeling av reint brukarutstyr og medisinering i samband med legemiddelassistert rehabilitering (LAR).
Livskvalitet
Lågterskeltilbod med dagsentra (Kontakto, Ung Kontakto og Fjordtreff), arbeidstrening og aktivitetar som klatring, gatefotball, terapiriding, ski- og sykkelverkstad og kaffibrenneri.
Om stillinga
Som fagleiar for ambulerande tenester blir du ein sentral del av leiargruppa i avdelinga. Du samarbeider tett med avdelingsleiar og dei andre fagleiarane, og har eit særskilt ansvar for fagleg utvikling, koordinering og kvalitet i dei ambulerande tenestene. Stillinga er på dagtid med 37,5 timars veke.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein fagleiar som:
Personleg eignaheit vil bli tillagd stor vekt.
Vi tilbyr
Attester og vitnemål skal takast med til eventuelt intervju.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følgje vil søkjaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Kontaktperson:
Thomas Dahl Orø
Stilling: Einingsleiar for psykisk helse og rus
tlf: +47 99642224
Bjørnafjorden kommune ligg i naturskjønne omgjevnader rundt Bjørnafjorden, sør for Bergen. Bjørnafjorden består av tidlegare Os og Fusa kommunar, med omlag 25.000 innbyggjarar og eit areal på 519km2.