| Søknadsfrist: |
07.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
07.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
13.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
Snarast
|
| Søknadsfrist: |
18.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
30.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
10.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
06.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
31.03.2026
|

Vi søkjer deg som vil arbeide med kreftrelaterte pleie- og omsorgsoppgåver i Hyllestad kommune.
Hyllestad kommune søkjer kreftsjukepleiar for å utvikle tenestene for innbyggjarar som gjennomgår kreftsjukdom, tilsetting i 100 % fast stilling. Alternativt søkjer vi sjukepleiar som ønskjer å ta vidareutdanning som som kreftsjukepleiar.
I tillegg vert du medlem i KLP, ei av landets beste pensjonsordningar. Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP - Kommune- og Helse-Norges eget pensjonsselskap
For deg som skal utdanne deg gjeld følgjande:
For deg som ynskjer å utdanne deg er søknadsfristen for oppstart av utdanning deltid i kreftsjukepleie hausten 2026 medio april 2026. Når du har motteke bekrefting på studieplass må du melde frå til arbeidsgjevar, ev. etterregistrerer du bekreftinga i EasyCruit. Det er eit krav at ein startar utdanning seinast innan hausten 2027.
Søknadsfrist for utdanning deltid kreftsjukepleie er medio april 2026. Når du har motteke bekrefting på studieplass må du melde frå til arbeidsgjevar, ev. etterregistrerer du den i EasyCruit. Det er eit krav at ein startar utdanning seinast innan hausten 2027.
Sjekk gjerne utdanningsinstitusjonar og søknadsfristar:
• Klinisk sykepleie - spesialisering i kreftsykepleie - Klinisk sykepleie - spesialisering i kreftsykepleie - Universitetet i Innlandet
• Kreftsykepleie – master - NTNU
Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar. Og - her er plass til fleire - kanskje akkurat deg?
Kommunen har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små. Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad.
Tilsetting føreset godkjent helseattest (smittevern) og politiattest i samsvar med lovverket. Politiattesten kan ikkje vere eldre enn tre månader og skal leggast fram før tiltreding.
Fleire opplysningar om stillinga kan du få hos kommunalsjef helse og omsorg Rolf Horne, telefon 469 37 412.
Om du kjenner at dette engasjerer deg, håpar vi oppriktig at du legg inn ein søknad. Vi ser fram søknaden din.
Relevante lenkjer
Hyllestad kommune ligg i ytre Sogn – ca 1 time med bil frå Førde og 2 timar frå Bergen. Kommunen har omlag 1400 innbyggjarar. Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste. Du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, og her er gode jakt og fiskevilkår. Her er det moglegheiter for både familiar og einslege. Vi kan nemne nokre av våre organiserte aktivitetar som turlag, idrettslag, kulturskule, kor, korps, biljardklubb, bogeskyting, dykkarklubb, 4-H, Røde Kors lokallag.