Hyllestad kommune

Hyllestad  kommune ligg i ytre Sogn – ca 1 time med bil frå Førde og 2 timar frå Bergen. Kommunen har omlag 1400 innbyggjarar. Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste. Du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, og her er gode jakt og fiskevilkår. Her er det moglegheiter for både familiar og einslege. Vi kan nemne nokre av våre organiserte aktivitetar som turlag, idrettslag, kulturskule, kor, korps, biljardklubb, bogeskyting, dykkarklubb, 4-H, Røde Kors lokallag.  

16/07/2019
SØKNADSFRIST: 04.08.2019 Stillinga utgjer ein av i alt to tenesteleiarstillingar for omsorgstenesta, der heimetenesta har eigen tenesteleiar. Stillinga inngår i rådmannen si leiargruppe, og rapporterer direkte til rådmannen. Ansvarsområde er leiing og utvikling av Eiklund sjukeheim, kjøkken, vaskeri og reinhald, dagsenter og fysioterapi, samt ein sakshandsamar som er tilknytta omsorgstenesta. Eiklund sjukeheim ligg idyllisk til på Sørbøvåg i Hyllestad kommune, og har per no 22 plassar fordelt på 3 avdelingar. Kommunen har litt i underkant av 1400 innbyggjarar, og utgjer ein del av HAFS-regionen med eit samla folketal på kring 10.500. Eiklund er ein flott sjukeheim med mange gode tilbod til pasientane; Blant anna eige kjøkken som lagar heimelaga mat, eigen fysioterapeut, eigen aktivitør to dagar i veka, samt ein flott sansehage med frittgåande høns. 1. desember er det planlagt opning av lokal legevaktsatelitt i tilknyting til omsorgstenesta, og Hyllestad er ein av pilotkommunane. I prosjektperioden vil personale få kompetanseheving i akuttmedisin og det vil bli installert velferdsteknologi og videoutstyr der ein kan kommunisere direkte med SYS-IKL legevaktsentral i Førde. Sentrale arbeidsoppgåver Leie og utvikle institusjonstenesta som ein del av omsorgstenesta Budsjett, økonomi og personalansvar Rekrutteringsarbeid og kompetanseutvikling Fagleg ansvar for institusjon og kvalitetsutvikling i tenesta Medansvar for legevaktpilotprosjektet Kvalifikasjonar Relevant helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning, gjerne med vidareutdanning innan organisasjon og leiing Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg Kunne nytte IT som verktøy Leiarerfaring Personlege eigenskapar Evne til å kommunisere og motivere Gode samarbeidsevner Evne til å arbeide sjølvstendig og i team Like å arbeide i ein hektisk kvardag  Det må leggast fram tilfredstillande helse- og politiattest før tiltreding. Vi tilbyr Leiaropplæring for nye leiarar i regi av KS Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår Eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø med kjekke kollega Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver Høve til fagleg og personleg utvikling God oppfølging av nytilsette God pensjonsordning i KLP   Velkomen som søkjar! Kontaktpersonar: Elin Garnes Solås  tlf: +47 57789504  mob: +47 90507908 Gjermund Flage  tlf: +47 57789546  mob: +47 93218780 Gunn Lerøy  tlf: +47 57789502  mob: +47 45211775
Hyllestad kommune Hyllestad, Norge