| Søknadsfrist: |
07.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
15.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
11.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
11.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
06.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
16.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
08.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
08.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
13.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
13.03.2026
|

Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har omlag 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler.
Tokke kommune har ledig 100% fast stilling som inspektør på Tokke skule frå 01.08 – 26. I stillinga ligg det omlag 30 % undervisning.
Tokke skule:
1-10 skule med 159 elevar og om lag 23 årsverk for pedagogisk personale.
På skulen arbeider vi kontinuerlig med å skape best mogleg lærings – og utviklingsmiljø der elevane skal oppleve meistring og tryggleik. For å få til dette er vi oppteken av klasseleiing med tydelege vaksne, gode relasjonar, samt fokus på tidleg innsats og tilpassa undervisning.
Tokke skule har uteskule annan kvar fredag for 1. til 7. klasse. Det er planar om å bygge ny Tokke skule, med oppstart i skuleåret 2026/2027.
* Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat.
* Ein spanande og variert kvardag saman med flotte vaksne og tilsette.
* Eit godt arbeidsmiljø.
* Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Andre opplysningar:
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Tokke kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, livssituasjon, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Vi legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforhold dersom du har behov for det.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Kontaktinformasjon
Tone Lunde Skaalen
Kommunalsjef Oppvekst
Telefon: +47 97171406
Tokke kommune ligg i Vest-Telemark, midt mellom aust- og vestlandet. Kommunen har 2160 innbyggjarar og eit areal på 980 km2. Det er om lag 3,5 timar køyring til Oslo og 2 timar til fylkeshovudstaden Skien. Kommunehuset er lokalisert på Dalen, i nærleiken av det historiske Dalen Hotel og Telemarkskanalen.
Me er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har eitt av sine to regionkontor i kommunen. I Tokke ligg òg Vest-Telemark vidaregåande skule.
Tokke har eit aktivt kulturliv med mange frivillige lag som nyttar kulturhus, grendehus og idrettsanlegg. Den siste flotte innsats som vi har i Tokke er eit kunstverk av ei badstoga, Soria Moria, blinkande som eit smykke i Bandak.