| Søknadsfrist: |
10.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
01.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
03.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
01.03.20226
|
| Søknadsfrist: |
02.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
22.02.2026
|
| Søknadsfrist: |
30.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
06.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
06.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
06.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
06.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
06.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
31.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
02.03.2026
|

Åmot skule ligg sentralt i Åmot, i Vinje kommune. Me er ein 1-10 skule med om lag 160 elevar.
Me søkjer ein engasjert og dyktig person med utdanning innan vernepleie. Stillinga er fast frå 01.08.2026.
Me ser etter deg som brenn for arbeid med elevar med særskilde behov – og som vil vere med og skape ein skule der både elevar og tilsette kjenner seg sett, støtta og inspirerte. Åmot skule er ein inkluderande 1.–10.-skule med høge ambisjonar for både fagleg og sosial utvikling.
Me har eit sterkt fagmiljø, godt samarbeid i personalet og eit aktivt skulemiljø med fokus på livsmeistring og praktisk læring.
Velkomen som søkjar.
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Lever kopi av vitnemål og attestar i samband med intervjuet.
Stillinga er lagt i stillingskode 7732 - krav om 3 årig U/H utdanning.
Ved ny tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Heidi Tvitekkja
Assisterande verksemdsleiar
Telefon: +47 47820741
Nasjonalparkkommunen Vinje byr på spanande kontrastar. Her møter kultur og folkekunsttradisjonar eit blømande og moderne næringsliv. Rolege og blide kulturlandskap møter ville og majestetiske høgfjell. Brusande elver møter stille fjellvatn.
Med eit areal større enn Vestfold fylke har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er sentra i attraktive turistområde, der ein av landets mest omfattande hytteutbyggingane har funne stad gjennom fleire år.
Inntektene frå den store kraftproduksjonen i Vinje har gjort det mogleg å utvikle eit høgt nivå på den kommunale tenesteytinga - ikkje minst innanfor skule, helse og omsorg.