| Søknadsfrist: |
27.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
27.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
22.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
15.02.2026
|
| Søknadsfrist: |
15.02.2026
|
| Søknadsfrist: |
22.02.2026
|
| Søknadsfrist: |
09.02.2026
|
| Søknadsfrist: |
31.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
15.02.2026
|
| Søknadsfrist: |
28.02.2026
|
| Søknadsfrist: |
11.02.2026
|
| Søknadsfrist: |
01.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
01.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
01.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
15.02.2026
|
| Søknadsfrist: |
03.02.2026
|
| Søknadsfrist: |
02.02.2026
|
| Søknadsfrist: |
06.02.2026
|

Vil du bli ein av våre engasjerte medarbeidarar og være med å jobbe i eit spennande team.
Vi søkjer to sjukepleiarar/ vernepleiarar i 80% og 60% fast stilling på natt Sundheimen.
Sundheimen er ein kommunal sjukeheim med heildøgnstenester. Det er 44 pasientar fordelt på to avdelingar og 5 bufellesskap, tre på somatisk og demens. 10 av 20 omsorgssbustader som ligg i nabobygget skal driftast av Sundheimen. Sundheimen og omsorgbustadane har langtidspasientar med komplekse og samansette diagnosar.
Engasjerte medarbeidarar som jobbar strukturert og effektivt og gjerne kjem med innspel til endring er verdifullt i kommunen sitt oppdrag med å tilby berekraftige tenester. Vi har god sjukepleiefagleg kompetanse og med fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande og i ei palliativ fase.
Sundheimen er lokalisert i Skogsskiftet omlag 15 min frå Straume. Det er gratis parkering for tilsette og moglegheit for lading.
Avdelingsleiar, Glenn Bjærum tlf. : 90076112
Einingsleiar, Janne Thode tlf.: 45044569
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.