| Søknadsfrist: |
01.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
01.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
01.03.2026
|

Natta er ikkje heilt stille hos oss – men ho er lærerik, variert og viktig.
Vi søkjer sjukepleiarar og vernepleiarar som ønskjer å jobbe natt hos oss. Som ein del av nattevaktlaget vårt får du ansvar, faglege utfordringar og tett samarbeid med gode kollegaer. Hos oss er natta både roleg og uforutsigbar – og aldri kjedeleg.
Kvifor jobbe natt hos oss?
Kven ser vi etter?
Vi ønskjer oss deg som:
Om arbeidsplassen
Luranetunet bu- og behandlingssenter ligg berre nokre minutt frå Bergen og har 175 plassar fordelt på 2 korttidsavdelingar og 7 langtidsavdelingar. Vi har både rehabilitering, behandling og avdelingar spesielt tilrettelagt for personar med demens.
Hos oss står bebuarane sine livshistorier og behov i sentrum – vi ser alltid personen bak sjukdommen. Vår visjon er «Varme og vekst i samspel», noko som gjenspeglar både omsorga for bebuarane, utviklingsmoglegheitene for dei tilsette og det gode miljøet i og rundt tropehagen vår på 1300 m².
Vil du lesa meir om Luranetunet bu- og behandlingssenter sjå vår heimeside:
Luranetunet bu- og behandlingssenter - Bjørnafjorden kommune (bjornafjorden.kommune.no)
Praktisk informasjon
Er du klar for å ta ansvar på natt – og samtidig få fagleg utvikling og eit godt fellesskap? Då håpar vi å høyre frå deg!
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø.Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Kontaktpersonar:
Anita Kyrkjeteig-Pedersen
Stilling: Avdelingsleiar
tlf: +47 900 93 176
mob: +47 900 93 176
Bjørnafjorden kommune ligg i naturskjønne omgjevnader rundt Bjørnafjorden, sør for Bergen. Bjørnafjorden består av tidlegare Os og Fusa kommunar, med omlag 25.000 innbyggjarar og eit areal på 519km2.