| Søknadsfrist: |
28.12.2025
|
| Søknadsfrist: |
14.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
08.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
05.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
11.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
31.12.2025
|
| Søknadsfrist: |
20.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
20.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
08.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
05.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
05.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
05.01.2025
|
| Søknadsfrist: |
04.01.2026
|

Er du omsorgsfull, trygg og ynskjer ein jobb med meining?
Vinje sjukeheim har ledig 65 % vikariat som helsefagarbeidar på Vesleheimen. Vesleheimen er ei gruppe på langtidsavdelinga, som er tilpassa personar med demenssjukdom. Me søkjer etter deg som er ein positiv lagspelar, som jobbar målretta mot det beste for kvar enkelt bebuar. Du må like å vere i lag med eldre personar med demenssjukdom, og evne å balansere dagane mellom aktivitet og kvile for bebuarane.
Vinje sjukeheim består av ei langtidsavdeling og ei korttidsavdeling. Langtidsavdelinga er delt inn i tre grupper, der to av gruppene er tilpassa personar med demens, og ei gruppe er somatisk pleieavdeling. Ved Vinje sjukeheim skal me sørge for at innbyggjarar i Vinje med behov for heildøgnspleie, meistring og omsorg mottar eit best mogleg tilbod, og der me jobbar kontinuerleg med å auke kvaliteten i tenesta.
Me nyttar årsturnus for at du som medarbeidar skal ha moglegheit til å påverke din eigen turnus etter individuelle behov i ulike livsfasar.
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Hanne Kristin Finkenhagen
Avselingsleiar langtidsavdelinga
Telefon: +47 99 25 16 24
E-post: hanne.kristin.finkenhagen@vinje.kommune.no
Nasjonalparkkommunen Vinje byr på spanande kontrastar. Her møter kultur og folkekunsttradisjonar eit blømande og moderne næringsliv. Rolege og blide kulturlandskap møter ville og majestetiske høgfjell. Brusande elver møter stille fjellvatn.
Med eit areal større enn Vestfold fylke har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er sentra i attraktive turistområde, der ein av landets mest omfattande hytteutbyggingane har funne stad gjennom fleire år.
Inntektene frå den store kraftproduksjonen i Vinje har gjort det mogleg å utvikle eit høgt nivå på den kommunale tenesteytinga - ikkje minst innanfor skule, helse og omsorg.