| Søknadsfrist: |
28.12.2025
|
| Søknadsfrist: |
14.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
08.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
05.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
11.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
31.12.2025
|
| Søknadsfrist: |
20.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
20.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
08.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
05.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
05.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
05.01.2025
|
| Søknadsfrist: |
04.01.2026
|

Har du lyst på ei deltidsstilling med meining?
Vinje sjukeheim har ledig fleire faste helgestillingar, med arbeid kvar 2. eller 3. helg. Stillingsstorleik er frå 14 % til ca 30 %.
Sjukeheimen har tre langtidsavdelingar og ei kortidsavdeling med til saman 34 plassar. Langtidsavdelinga med sine 25 plassar er delt inn i tre grupper, deriblant ei skjerma avdeling for personar med demens. Kortidsavdelinga består av 9 plassar, der 2 av plassane er akuttplassar for Tokke og Vinje kommune.
Ved Vinje sjukeheim skal me sørge for at innbyggjarar i Vinje med behov for heildøgnspleie, meistring og omsorg mottar eit best mogleg tilbod. Me jobbar kontinuerleg med å auke kvaliteten i tenesta.
Frå januar 2025 skal sjukeheimen bruke årsturnus. Det vil sei at du kan medverke til korleis turnusen skal sjå ut, og det vil vera mogleg å få større stillingsprosent i delar av året, som til dømes sommar og høgtider.
Personleg eignahet vil bli vektlagt ved tilsetting.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Hanne Kristin Finkenhagen
Avselingsleiar langtidsavdelinga
Telefon: +47 99 25 16 24
Nasjonalparkkommunen Vinje byr på spanande kontrastar. Her møter kultur og folkekunsttradisjonar eit blømande og moderne næringsliv. Rolege og blide kulturlandskap møter ville og majestetiske høgfjell. Brusande elver møter stille fjellvatn.
Med eit areal større enn Vestfold fylke har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er sentra i attraktive turistområde, der ein av landets mest omfattande hytteutbyggingane har funne stad gjennom fleire år.
Inntektene frå den store kraftproduksjonen i Vinje har gjort det mogleg å utvikle eit høgt nivå på den kommunale tenesteytinga - ikkje minst innanfor skule, helse og omsorg.