| Søknadsfrist: |
20.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
20.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
28.12.2025
|
| Søknadsfrist: |
08.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
05.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
11.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
31.12.2025
|
| Søknadsfrist: |
20.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
08.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
05.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
05.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
05.01.2025
|
| Søknadsfrist: |
04.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
11.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
06.01.2026
|

Sande omsorgssenter er ein institusjon som ligg sentralt i Sunnfjord kommune, like ved E-39 og ca. 20 min frå Førde. Institusjonen har 40 sengeplassar fordelt på to avdelingar. Omsorgssenteret har 35 årsverk. Lærlingar, elevar og studentar er jamt innom for opplæring og bidreg til eit utviklande miljø. Vi er opptatt av den gode dagen for dei som bur og arbeider her.
Er du nyutdanna sjukepleiar og ikkje heilt har bestemt deg for arbeidsplass enno? Eller er du ein erfaren sjukepleiar som kan tenke deg å prøve noko nytt.? Då bør du søke på Sande omsorgssenter. Vi kan tilby eit arbeid med mykje glede, ansvar og faglege utfordringar.
Vi har no ledig 2 faste 100 % stillingar som sjukepleiar.
Som sjukepleiar har du ansvar for sjukepleie til avdelinga sine pasientar og du arbeider tverrfagleg i team. Du skal som pasientansvarleg sjukepleiar vere pasienten sin kontakt og talsperson, ha ansvar for å sikre kontinuitet, fagleg forsvarleg praksis, kvalitet i tenesta og koordinere tenestetilbodet.
Vi har prøvd ut langvakter og har god erfaring med det. Det er høve til å kombinere langvakt og kortvakt. Vi tilpassar turnusen så langt det let seg gjere etter behov. Går ein langvakt i helgar er det arbeid kvar 4.helg. Ved kortvakter i helgar er det arbeid kvar 3.helg.
Du søker elektronisk.
Vi ser fram til å høyre frå deg, velkommen som søkar!
Kontaktperson:
Tove Aarberg
tlf: +47 57718221
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.