| Søknadsfrist: |
28.12.2025
|
| Søknadsfrist: |
05.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
05.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
05.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
11.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
04.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
02.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
02.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
01.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
04.01.2025
|
| Søknadsfrist: |
14.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
14.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
28.12.2025
|
| Søknadsfrist: |
02.01.2026
|

Er du opptatt av menneske, struktur og presisjon og ønskjer å vere ein nøkkelperson i å sikre gode prosessar for våre tilsette. Då er du den vi leitar etter. Vi har ledig 100% stilling som HR-konsulent. Stillinga inngår i Fellestenesta i kommunen som er ei avdeling med ansvar for løn, HR, rekneskap, arkiv, fakturering, sentralbord/resepsjon og andre adm. funksjonar. Fellestenesta har 7 årsverk og blir leia av kommunalsjef økonomi.
- HR-støtte til kommunen sine leiarar
- Utarbeiding/vedlikehald av kommunen sine personalreglement
- Utlysing av stillingar / systemansvarleg for kommunen sitt rekrutteringsystem
- Sekretærfunksjon for kommunen sitt arbeidsmiljøutval/adminstrasjonsutval
- Løn- og refusjonsoppgåver
- Ansvar for kommunen sitt avvikssystem
- Saksbehandling kring frikjøp tillitsvalte
- Relevant utdanning innan HR, personaladministrasjon, økonomi eller tilsvarande. Lang erfaring innan relevante arbeidsområde kan oppvege for manglande
formalkompetanse.
- Erfaring med HR-prosessar og lønsarbeid (gjerne frå offentleg sektor).
- Kan arbeide sjølvstendig og systematisk
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Er initiativrik, løysingsorientert og trivast med å styre eigen kvardag
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Kan prioritere mellom arbeidsoppgåver i ein travel kvardag
- Har gode digitale kunnskaper
- Ei spennande stillling med varierte arbeidsoppgåver
- Opplæring/innføring i arbeidsoppgåvene
- God pensjonsordning
- 10 års inngangsansiennitet og eige ansiennitetssteg på 22 år
- Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement
Jarle Bruun Olsen, Kommunalsjef økonomi, 35048403, jarle.olsen@nissedal.kommune.no
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og er ein kommune i vekst. Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle.
Namnet Nissedal kjem frå innsjøen Nisser. Frå gamalnorsk blei Nisser kalla «Niðsær», der fyrste del «Nið» tyder «brusande», medan andre del «sær» tyder «sjø».
Nisser er ein av dei største innsjøane i Telemark og er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura og høgreiste fjell. Den fire mil lange og 250 meter djupe innsjøen inneheld reint, klårt drikkevatn.
Langs Nisser finn ein sjeldsynte hellemålingar, gravhaugar og mange andre minne etter gamal busetjing.
I skogane og heiområda i Nissedal finn ein heile 1750 større og mindre vatn. Det er eit eldorado for dei badeglade, og på Fjone finn ein kilometerlange sandstrender. Her er også gode vilkår for kanopadling, båtsport og fiske i vatna og elvane.
Klimaet er svært bra, og terrenget innbyr til turgåing, sommar som vinter.
Næringslivet i kommunen er variert. Viktige næringar er industri og handverk, handel, reiseliv og turisme og hytteutbygging.
Vi har barnehage i Kyrkjebygda, Fjone, Treungen, Haugsjåsund og på Felle.
I Treungen er det blant anna omsorgssenter, bu- og avlastingsenter, Fleirbrukshus, bibliotek og kino.