| Søknadsfrist: |
22.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
22.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
03.05.2026
|
| Søknadsfrist: |
22.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
30.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
30.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
30.05.2026
|
| Søknadsfrist: |
28.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
28.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
17.04.2026
|

Om avdelinga
Pollhaugen er eit bu-tiltak med ni personar som bur i eigne bustader. Dei har ulike behov for støtte og helsehjelp, samt ulike diagnosar.
Pollhaugen ligg sentralt i Straume-området, nær kollektivtransport og kommunedelsenter. Vi er ei tverrfagleg gruppe med vernepleiarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar og pleiemedarbeidarar. Målet vårt er å gje kvar bebuar ein aktiv og meiningsfull kvardag med trivsel, sjølvråderett og meistring.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Ønskjeleg med:
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vert vektlagde.
Anna:
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Du må leggja fram gyldig politiattest ved tilsetjing.
Arbeid kvar tredje helg, med kombinasjon av langvakter og ordinære vakter opptil 13,5 timar.
Vikariatet gjeld til og med 01.04.2027.
Vi tilbyr:
Kontakt
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.