| Søknadsfrist: |
02.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
06.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
06.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
08.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
07.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
07.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
13.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
Snarast
|

Eigedomsavdelinga er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga har ansvar for å ta vare på fylkeskommunen si byggherrefunksjon, og for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Den samla eigedomsmassen utgjer om lag 800 000 m², og omfatter vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivknutepunkt, kulturbygg og administrasjonsbygg. Eigedomsavdelinga har totalt om lag 400 tilsette. Av desse er om lag 40 tilsette ved kontoret i Bergen.
Det er ledig ei fast 100 % stilling som driftsoperatør ved Førde vidaregåande skule. Skulen ligg sentralt plassert i Førde sentrum og har om lag 1000 elevar, med eit aktivt og inkluderande skulemiljø. Skulebygget omfatter om lag 30.000 kvadratmeter og er tilknytt både fjernvarme og fjernkjøling.
Driftsoperatøren vil rapportere til områdeleiar.
Den som vert tilsett, vil få opplæring i drift og vedlikehald av bygningar og tekniske anlegg.
Administrasjonsspråket i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader.
Kontaktinformasjon
Jan Ove Gjermundstad
områdeleiar
Telefon: 41530900
Nils Endre Grønås
seksjonssjef
Telefon: 98210310
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.