| Søknadsfrist: |
01.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
01.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
10.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
03.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
01.03.20226
|
| Søknadsfrist: |
02.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
22.02.2026
|
| Søknadsfrist: |
30.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
06.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
06.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
06.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
06.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
06.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
31.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
02.03.2026
|

Ved institusjon Vågåheimen i Vågå kommune møter du eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø der humor, tryggleik og samarbeid står sentralt. Vi legg vekt på gode pasientforløp, har høgt fagleg fokus og eit nære samarbeid med heimetenesta, legetenesta, friviljuge, tenestemottakarar og pårørande. Ved oppstart hjå oss får du god opplæring og oppfylging av dyktige kollegaer som gler seg på å få deg med på laget.
Vi har no fleire ledige stillingar for deg som er både sjukepleiar, helsefagarbeidar, eller som har byrja på desse utdanningane.
I tenestene har vi stort fokus på fagutvikling og arbeidar aktivt med kvalitetsforbetring på systemnivå og i dagleg drift. Det er mykje positivt som skjer i tenesteområdet, med m.a. bygging og oppgradering av bygget Vågåheimen til ein topp moderne institusjon! Vi har stort fokus på velferdsteknologiske løysningar, fagleg utvikling og kompetanseheving for våre tilsette. Vi arbeider dagleg med å rigge tenestene på ein slik måte at dei er berekraftige i framtida, der ein nyttar rett kompetanse på rett stad. Vi har ei god blanding av tilsette, både i alder og fagleg profesjon. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Vi har ledige stillingar, både faste og vikariat:
Tilkallingsvikarar Vågåheimen, yrkesgrupper alle
Vi ber om at der skriv i søknaden kva for stilling du søkjer på.Helgefrekvens er per dags dato kvar 3. helg for stillingar i turnus, men med moglegheit for å endre dette til kvar 4. helg med langvakter. Det kan og vera moglegheit for tilpassing til 3-delt turnus for fleire av stillingane, og langvakt på vekedagar. Om du har andre ynskje for stillingsprosent enn det som er oppgjeve over, ynskjer vi likevel å høyre frå deg.
Tenesteområdet Helse- og omsorg (heimesjukepleie og institusjon Vågåheimen) har felles nattevaktsteam, der 3 tilsette er stasjonert ved Vågåheimen og 1 er stasjonert i heimesjukepleia. Ansvarsvakt sjukepleiar på natt har ekstra godtgjersle.
Arbeidsoppgåver:Eigenskapane dine:
Det vert kravd politiattest ved tilsetjing.
Vi tilbyr:Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.
Venlegast informer i søknaden om du kva for type stillingar du søkjer på (samt ynskje om stillingsprosent).Stillingsstorleikar kan endre seg ved interne rokkeringar.Stillingsprosentane vil ikkje bli delt dersom det er til vesentleg ulempe for arbeidsgjevar. Ved krav om auka fast stillingsstorleik må ein dermed fortrinnsvis ta stillinga slik den er.Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Berit Nilstad
Avdelingsleiar
45343807
berit.nilstad@vaga.kommune.no
Vågå kommune ligg midt i nasjonalparkriket, med Jotunheimen og Rondane som næraste naboar. Besseggen, kåra av National Geographic til ein av dei 20 World's best hikes , blir årleg besøkt av 60-70.000 fotturistar. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt og allsidig utbygd servicetilbod. Vågå har eit svært godt barnehage- og skuletilbod, med m.a. eigen PC til alle i grunnskulen. Kulturlivet er allsidig og rikt, og rommar noko for ei kvar interesse. Naturen gjev moglegheit for store naturopplevingar, som til dømes jakt og fiske, luftsport, langrenn og alpint. Sjå vågåleve.no for å bli betre kjend med oss.