| Søknadsfrist: |
01.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
01.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
15.02.2026
|
| Søknadsfrist: |
01.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
20.02.2026
|
| Søknadsfrist: |
17.02.2026
|
| Søknadsfrist: |
21.02.2026
|
| Søknadsfrist: |
26.02.2026
|
| Søknadsfrist: |
01.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
Løpende
|
| Søknadsfrist: |
24.02.2026
|
| Søknadsfrist: |
24.02.2026
|
| Søknadsfrist: |
23.02.2026
|
| Søknadsfrist: |
02.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
22.02.2026
|
| Søknadsfrist: |
18.02.026
|
| Søknadsfrist: |
18.02.2026
|
| Søknadsfrist: |
01.03.2026
|

HAFS barnevernteneste jobbar for å finne gode løysingar for barn og føresette i Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund, og vi har no ledig ei 100 % fast stilling som kontaktperson frå snarast. Eininga har ti stillingar med engasjerte medarbeidarar som samarbeider om å løyse utfordringar og sjå moglegheiter til det beste for barn og familiar i regionen.
No søker vi etter deg som trur på barn og foreldre sine ibuande ressursar og ønsker å hjelpe dei i vanskelege livssituasjonar. Du vil ha kontor i Dale i nye, hyggelege lokale. Her jobbar du i eit tverrfagleg team med låg terskel for å søke støtte og råd hos kollegaene. Vi har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og tek gjerne eit kjapt møte i sofaen for å drøfte ulike problemstillingar.
Dei tilsette arbeider med alle delar av barnevernfaget: undersøking, tiltaksarbeid og barn under omsorg etter barnevernlova. Vi ser etter deg som har eit ekte engasjement for menneske og ikkje er redd for å stå i krevjande situasjonar. Du gler deg over "dei små stega" og er god til å skape tillit og relasjonar. Vi vektlegg å møte barn, familiar og samarbeidspartar der dei høyrer til, noko som betyr ein del reiseverksemd i arbeidet.
Du vil få interessante og faglege utfordringar og sjanse til å utvikle deg. Drøftingar internt og eksternt er med på å halde oss orienterte på det som skjer i fagfeltet, noko som er viktig for å gi rett hjelp til riktig tid. Vi legg til rette for vidareutdanning og kurs innan barnevernsfeltet.
Noko kvelds- og helgejobbing må påreknast
Vi legg vekt på at du er personleg eigna til stillinga
Om du vil vere ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø med stort engasjement for barn og familiar, håpar vi å høyre frå deg.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for unntak frå offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Heidi Roos
Stilling: Leiar HAFS barnevernteneste
mob: +47 94826150
Kjersti Valvik
mob: +47 +4795156733
Vakre Fjaler kommune ligg i Sunnfjord i Vestland fylke, mellom fjord og fjell, om lag tre timar nord for Bergen.
Med vår flotte natur, engasjerte lokalsamfunn og spanane arbeidstilbod, er Fjaler kommune ein stad der livskvalitet står i fokus, og der menneske i alle livsfasar finn tryggleik og trivsel.