| Søknadsfrist: |
05.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
05.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
28.12.2025
|
| Søknadsfrist: |
12.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
31.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
11.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
15.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
20.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
05.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
11.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
11.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
14.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
08.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
05.01.2026
|

Er DU vår nye medarbeidar i eit spennande, triveleg og utviklande arbeidsmiljø?
Då ein av våre tilsette har permisjon til november 2026 søkjer vi etter ein vikar
Er du ein engasjert sjukepleiar som ønskjer gode arbeidsvilkår, fagleg utvikling og moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag? Då kan dette vere stillinga for deg!
Vi i Øygarden kommune arbeider aktivt for å tilpasse oss morgondagens behov og sikre gode tenester til våre innbyggjarar. Vi legg stor vekt på fagleg kvalitet, utvikling og trivsel blant våre tilsette. For å få til dette, er vi avhengige av eit godt arbeidsmiljø kor samarbeid på tvers av avdelingar og mellom faggrupper finn stad. Vi er opptatt av at vi saman arbeider for å få dette til.
Engasjerte medarbeidarar som jobbar strukturert og effektivt og gjerne kjem med innspel til endring er verdifullt i kommunen sitt oppdrag med å tilby berekraftige tenester. Vi har god sjukepleiefagleg kompetanse og med fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande og i ei palliativ fase.
Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. Inntill 10 av 20 omsorgsbustader som ligg i nabobygget er drifta av Sundheimen. Det er politisk vedtak på at fleire omsorgsbustader blir knytt til. Sundheimen og omsorgbustadane. Brukarane er i hovudsak langtidspasientar med komplekse og samansette diagnosar.
Må ha:
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus på natt får eit ubekvemstillegg på kr 40.000,- ( justert etter st. %)
Stillinga inngår i årsplan med arbeid 16 helger pr. år, ekstra helg med kompensasjon. Langvakter i helg, 12 helger pr år kan vurderes.
Stillinga er ledig frå 1. januar.
Vernepleiar kan bli vurdert for stilling
Ved internt opprykk kan andre stillingar bli aktuelle og vil bli vurdert av same søkarmasse.
- Einingsleiar : Janne Thode , 56160400 /45044569
janne.thode@oygarden.kommune.no
- Avdelingsleiar : Glenn Bjærum. 56160400/ 90076122
glenn.bjarum@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.