| Søknadsfrist: |
11.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
11.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
28.12.2025
|
| Søknadsfrist: |
14.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
08.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
05.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
31.12.2025
|
| Søknadsfrist: |
20.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
20.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
08.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
05.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
05.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
05.01.2025
|
| Søknadsfrist: |
04.01.2026
|

Vi søkjer ein engasjert og tydeleg leiar som vil vere med å utvikle og styrke tenestene ved Grønebakkane bustadar og Skogsvåg arbeids- og opplæringssenter. Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer å gjere ein forskjell ,kvar dag.
Eininga tenesta til menneske med nedsett funksjonsevne (MMNF) består av 10 bufellesskap/omsorgsbustadar med base og 3 arbeids- og aktivitetssenter. Vi gjer omsorg og oppfølging til menneske med nedsett funksjonsevne. Vi jobbar målretta for å skape ein aktiv og meiningsfull kvardag for kvar enkelt – med fokus på trivsel, sjølvråderett, tillit og meistring.
Grønebakkane bufellesskap/omsorgsbustadar og Skogsvåg arbeids- og opplæringssenter treng ny avdelingsleiar. Det er til saman 22 årsverk, fordelt på ulike kompetansar som sjukepleiar, vernepleiar, miljøterapeut. Deler av personalgruppa går i langvaktsturnus.
Arbeidsplassen ligg sentralt i Skogsvåg, med kort veg til offentleg transport og kommunedelsenter.
Som avdelingsleiar vil du inngå i einingsleiar si leiargruppe. Du vil ha ansvar for fag og personal for bustaden og arbeidssenteret. Andre støttefunksjonar som HR og lønn vil vere tilgjengeleg for deg. Stillinga har arbeidstid på 37,5 timar i veka inkludert betalt lunsj (fleksitid)
Kristin Straume, einingsleiar MMNF 99799526
Elin Alfstad, assisterande einingsleiar MMNF 47797112
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.