Skip to main content
Tilbake

Seljord kommune

Seljord kommune ligg sentralt i hjartet av Telemark. Her møtast E 134 og Rv 36, og den nye Mælefjelltunellen har gjort kommunen endå meir sentral. Kommunen har nesten 3000 innbyggjarar og omlag 390 tilsette. Kommunen husar sjøormen, Noregs einaste usynlege turistatttraksjon og er vertskap for Dyrsku’n, landets største landbruks- og handelsmesse som årleg samlar 90 000 menneske.

Seljord er ei kommune der kunst, kultur, idrett og tradisjon står sterkt, samtidig som kommunen har store verksemder innan IT, ingeniørfag, anleggs- og entreprenørverksemd. Seljord er eit handelssentrum i Vest-Telemark, og har eit aktivt jord- og skogbruk. Kommunen husar mange store arrangement i løpet av året, med utgangspunkt i Dyrskuplassen. Seljord har gode turmoglegheiter og fleire store campingplassar rundt Seljordsvatnet.

Seljord har eit godt utbygd barnehage- og grunnskuletilbod, vidaregåande skule, folkehøgskule, kulturskule og symjehall. Granvin kulturhus er ein sentral møtestad i bygda. Kommunen er vertskap for Distriktspsykiatrisk senter og Familievernkontoret for Øvre Telemark, og jordmorvakt for Vest-Telemark og kommunepsykologsamarbeidet er lagt til kommunen.