17/12/2020
SØKNADSFRIST: 18.01.2021
Det vert med dette utlyst ei 100% prosjektstilling i 3 år som prosjektleiar VA/bygg. Stillinga rapporterer til rådmann og inngår i rådmannen sin stab.
Arbeidsoppgåver
Stillinga er oppretta i samband med at ein dei neste åra skal gjennomføre større investeringar innanfor VA og bygg. Innanfor VA sektoren skal ein mellom anna bygge ut ringvassleidning og skifte ut delar av hovudleidningsnettet. Ein skal og sikre reservevassforsyning og etablere nye reinsestasjonar for avlaup. Innanfor bygg er det planlagt større utbyggingar innanfor skule/oppvekst og eldreomsorg. Ein viktig del av stillinga vert å vere byggjeleiar for desse prosjekta.
Arbeidsoppgåvene vil vere varierte og det er viktig at den som vert tilsett har høgt fokus på leveranse i ein travel kvardag med mange oppgåver.
Austrheim kommune søkjer ein...
Austrheim kommune
Remote (Austrheim, Norge)