Flora kommune

Flora kommune ligg heilt ute ved kysten av Sogn og Fjordane og har om lag 12 000 innbyggjarar. Kommunen strekkjer seg frå Ålfotbreen i aust til havet i vest.

Her finn du ein skjergard med eit mylder av små og store øyer og eit innland med brusande elvar, vakre fjelltopparog stille vatn. Kommunen er eit eldorado for naturopplevingar, båtliv, jakt og fiske.

Flora er Noreg sin vestlegaste by, med bysentrum Florø. Byen vart etablert i 1860 og bygd opp på "havet sitt sølv", silda, som ein finn igjen i byvåpenet.

Byen framstår i dag som ein kombinasjon av ein sjarmerande småbyidyll og eit pulserande næringsliv i utvikling.
Her finn du eit aktivt og variert kulturliv med kulturskule og musikk-, kor- og revymiljø. Idrettshall, symjehall, fotballbaner, løkker og eit mylder av idretts- og fritidsorganisasjonar.

Flora er arena for store årlege arrangement som Fotballflora, Kinnaspel, båtmesse og kystfestival-helga Himmel og Hav, med verdas lengste sildebord. Til alle årstider byr vi på eit rikt utval av kulturtilbod som teater, revy, kino, konsertar, utstillingar og mykje meir.

Næringslivet i kommunen er eksportretta og hovednæringane er fiskeindustri, skipsbygging, forsyningsbase for oljeindustri og servicenæring. Innbyggjarane i kommunen skapar verdiar som ligg fleire gonger over landsgjennomsnittet. 

Kommunen har gode kommunikasjonar både internt med buss/båtruter og med omverda.Her er direkte flyruter til Oslo og Bergen, ekspressbåtar og ekspressbussar. Hurtigruta har og stoppestad i Florø. Det er enkelt å reise hit.

Vil du vite meir?
Her kan du sjå filmar om Flora!  Kort versjon og  Lang versjon
Velkomen til oss som gjest eller innbyggjar!

10/12/2018
SØKNADSFRIST: 07.01.2019 Avdelingsleiarstillingar i Bu- og miljøteneste 5.  Flora kommune er ein heimetenestekommune og bu og miljøtenesta vår er ein del av heimetenestane. Du blir ein del av vårt dyktige leiarteam som har fokus på utvikling, kompetanse og systematisk etisk refleksjon. Pleie og omsorgssjef blir din overordna leiar og du vil jobbe i eit leiarteam saman med 11 kollegaer. Arbeidsoppgåver Som avdelingsleiar blir du arkitekten for den avdelinga du skal leie, og du får vere med på å bygge framtidas Bu og miljøtenester, endre arbeidsmetodar og bygge eit godt og faglig sterkt arbeidsmiljø. Du er leiar og hovudansvarleg for god omdømmebygging av avdelinga di og har ansvar for at kvaliteten på tenester som skal utøvast til brukerane er gode og samsvarar med dei mål Flora kommune og omsorgstenesta har satt. I tillegg vil du ha ansvar for BPA prosjekt. Vi ynskjer deg som har lyst til å vere leiar! Og vi vil ha deg som: " ser" dine medarbeidarar og får kvar einskild til å føle seg verdsatt. er strukturert og tydeleg er ein god rollemodell og inspirerer andre til å bidra. liker endring og er god på å leie og inkludere dei tilsette. er fleksibel, kreativ og løysingsorientert liker å ha ansvar, tek ansvar og ansvarliggjer tilsette  Krav til kompetanse Kompetanse Minimim 3 årig relevant høgskuleutdanning. Du bør ha vidareutdanning innan leiing, og kompetanse på endringsleiing er ynskjeleg Du må ha god datakompetanse, og kunne tileigne deg bruk av våre fagsystem som er CosDoc, WebSak og MinVakt Økonomiansvar Avdelingsleiar skal ilag med fagleiar for økonomi utarbeide årsbudsjett for avdelinga og er ansvarleg for ei drift i balanse. Månadsrapportering til Pleie og omsorgssjef. Avdelinga  Eininga du skal ha ansvar for, er ein bustad med stort fokus på miljøarbeid. Det er 4 personer som bor i kvar sin leilighet i eininga. I tillegg er det fellesområde, kontorer, medisinrom og møterom i bygget. I arbeidet med å leie eininga er det viktig med fokus på faglighet, lovverk og etikk. Gode samarbeidsevner og brukarfokus vil vere viktig i ditt arbeid som leiar for eininga. Vi tilbyr Svært varierte arbeidsdagar der du i stor grad styrer eigen arbeidsdag. Godt fagleg miljø med bl.a. internundervisning. Vi legg til rette for meir leiarutdanning / kompetanseutvikling og systematisk etisk refleksjon for leiarar. Ved tilsetting må du fremlegge politiattest. God pensjonsordning i KLP og konkurransedyktige lønsvilkår. Elektronisk søknadsskjema finn du på www.flora.kommune.no Kontakter Navn: Ragnhild Olsen Holm Tittel: Pleie-og omsorgsjef E-post: ragnhild.olsen.holm@flora.kommune.no Mobil: 99028739 Arbeid: 99028739
Flora kommune Flora, Norge