Indre Hordaland Miljøverk IKS

Indre Hordaland Miljøverk IKS (IHM) er eit interkommunalt avfallsselskap for kommunane Eidfjord, Granvin, Jondal, Ullensvang, Ulvik og Voss. Selskapet arbeider med innsamling, tilrettelegging av sorteringsordningar, gjenvinning, energiutnytting og sluttbehandling av avfall. Vi samarbeider med aktuelle aktørar for å vidareutvikle dei naturlege ressursane i regionen. IHM er sertifisert etter ISO-9001/14001 og OHSAS-18001.