Meland kommune

Meland kommune er ein del av Nordhordlandsregionen og nabokommune til Bergen. Kommunen opplever sterk folkevekst og har eit innbyggjartal på ca. 8.000. Det er god kollektivtransport til/frå Bergen med hurtigbåt eller ekspressbuss, og reisetida frå Bergen til kommunesenteret Frekhaug er under 1/2 time. For å løyse og utvikle alle dei ulike oppgåvene kommune er tillagt treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar - som vil oppleve at arbeidsoppgåvene og bidraget deira er meiningsfylt og del av eit viktig samfunnsoppdrag. Meland kommune har ei verdimessig forankring som kjem til uttrykk gjennom visjonen vår "Eit samfunn for alle". 

05/02/2019
SØKNADSFRIST: 24.02.2019 Stillingsinformasjon Meland kommune har 5 grunnskular; Rossland barne- og ungdomsskule, Vestbygd skule, Sagstad skule, Meland  ungdomsskule og Grasdal skule. Frå 1. august 2019 er det ledig eit antall både heiltid- og deltidsstillingar i Meland kommune.  Vi søkjer etter dyktige og engasjerte lærarar med godkjent lærarutdanning for undervisning i grunnskulen. Fagbehov: Alle fag i grunnskulen Særskild for Meland Ungdomsskule: Norsk, matte og spesialpedagogikk Kvalifikasjonskrav Felles for alle stillingane er godkjent utdanning ihht kompetanseforskrifta. Utdanning frå utlandet må vere godkjent av NOKUT. Vi søkjer lærarar som: - Er fagleg bevisst og godt førebudd - Har god innsikt i lærarrolla og skulen som organisasjon - Er synleg i skulen sine ulike møteplassar - Bidrar til å utvikle skulane sitt positive arbeidsmiljø - Følgje opp og ha kontakt med den enkelte eleven og deira føresette - Har god kommunikasjon og tydeleg klasseleiing - Aktivt samarbeider med kolleger og skuleleiinga om utvikling av læringsmiljø og læringsutbytte Meland kommune har nynorsk som målform. Vi tilbyr Utfordrande oppgåver innan heile saksområdet i eit breitt og engasjert fagmiljø.  Løn etter gjeldande tariffavtale. God pensjonsordning. IA-bedrift Søknad skal sendast Søknad skal sendast via vårt elektroniske søknadssystem. Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar skal takast med ved eventuelt intervju. Generell informasjon Godkjend politiattest som ikkje er eldre enn tre månader må framvisast ved tilsetting og seinast før arbeidstakar byrjar i stillinga. Kontakter Navn: Magne Lædre Tittel: Rektor Sagstad skule E-post: magne.laedre@meland.kommune.no Arbeid: 56171310 Navn: Hogne Brunborg Tittel: Rektor Rossland skule E-post: hogne.brunborg@meland.kommune.no Arbeid: 56174411 Navn: Irene Hystad Hugaas Tittel: Rektor Grasdal skule E-post: irene.hystad.hugaas@meland.kommune.no Arbeid: 56175700 Navn: Monica Vabø Reigstad Tittel: Rektor Vestbygd skule E-post: monica.reigstad@meland.kommune.no Arbeid: 56174282 Navn: Hilde Brendehaug Hugaas Tittel: Rektor Meland ungdomsskule E-post: hilde.brendehaug.hugaas@meland.kommune.no Arbeid: 56171410
Meland kommune Meland, Norge
05/02/2019
SØKNADSFRIST: 24.02.2019 Stillingsinformasjon Alver kommune treng to rådgjevarstillingar på planforvaltning, for snarleg tilsetting. Stillingane er retta mot saksbehandling av reguleringsplanar, områdereguleringsplanar og andre konkrete utbyggingsplanar. Arbeidsplass I Alver kommune vil ansvaret for plan vere delt på Arealforvaltning (detaljplanar, saksbehandling, gjennomføring) og Plan og analyse (overordna planar). I 2019 vil oppgåvene i praksis vere knytta til Meland, Radøy og Lindås kommunar, sidan samarbeidet om planar allereie har starta. Kontorstad i 2019 er rådhusa på Frekhaug og i Knarvik. Frå 2020 vil dei tre planmiljøa vere samla i større fagmiljø i Alver. Arbeidsoppgåver Oppgåvene omfattar arbeid med planar og plansaker som skal sikre at kommunen sine mål om vekst og utvikling blir gjennomført i praksis, både gjennom innspel til overordna planar og strategiar, og gjennom konkrete krav til utforming, koordinering, samarbeid og tilpassing. Kvalifikasjonskrav Vi søkjer deg som har relevant utdanning innan planfag og plansakbehandling, helst på masternivå, minimum på bachelornivå. Til dømes arealplanleggjar, sivilingeniør, samfunnsplanleggar, arkitekt, geograf, eller ingeniørfagleg bakgrunn.  Relevant offentleg erfaring er av særs stor betydning. Du må like utstrakt kontakt med ulike partar og aktørar, samstundes som du må kunne ta ansvar og arbeide sjølvstendig. Du må sjå verdien av ei tverrfagleg tilnærming til oppgåvene, og ha forståing for samfunnsoppdraget. Vi tilbyr Løn etter avtale. God pensjonsordning. Søknad skal sendast Søknad skal sendast via vårt elektroniske søknadssystem. Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar skal takast med ved eventuelt intervju. Kontakter Navn: Anny Bastesen Tittel: Sektorsjef Teknisk Meland E-post:  anny.bastesen@meland.kommune.no Mobil: 40038893
Meland kommune Meland, Norge
05/02/2019
SØKNADSFRIST: 24.02.2019 Stillingsinformasjon Meland kommune treng ein vikar for juridisk rådgjevar ved eigedomsforvaltning, for snarleg tilsetting. Vikariatet vil gå 3 mnd inn i Alver frå 2020. Rådgjevaren inngår i eit team med tre prosjektrådgjevarar/prosjektleiarar og to eigedomsforvaltarar.  Teamet handterer store og små investerings- og utbyggingsoppgåver i Meland, og driv saksbehandling og forvaltning av kommunale eigedomar og anlegg. Arbeidsplass Meland kommune har 18 medarbeidarar med oppgåver knytt til saksbehandling, utbygging og forvaltning innan kommunen sine tekniske tenester: utbygging og forvaltning av kommunale bygningar og kommunaltekniske anlegg, offentlege og private planar, byggesaker, kart og GIS-tenester, oppmåling, miljø, landbruk og kommunal eigedom. Frå 2020 sorterer oppgåvene inn under Eigedomsforvaltning i Alver, i eit større fagmiljø. Arbeidsoppgåver Oppgåvene omfattar forvaltning og saksbehandling hovudsakleg knytt til bygg, infrastruktur, VA-anlegg og miljø. Eksempelvis avkjørsler, trafikksikring, tilsyn VA-anlegg, ureiningssaker, grunnavtalar, innkjøp, utbyggingsavtalar, forskriftsarbeid. Arbeidet omfattar t.d. planlegging, saksbehandling, oppfølging og rapportering. Kvalifikasjonskrav Vi søkjer deg som har juridisk embetseksamen, evt. master i rettsvitenskap. Relevant erfaring er av stor betydning. Du må like utstrakt kontakt med ulike partar og aktørar, samstundes som du må kunne ta ansvar og arbeide sjølvstendig. Du må sjå verdien av ei tverrfagleg tilnærming til oppgåvene, og ha forståing for samfunnsoppdraget. Vi tilbyr Løn etter avtale. God pensjonsordning. Søknad skal sendast Søknad skal sendast via vårt elektroniske søknadssystem. Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar skal takast med ved eventuelt intervju. Kontakter Navn: Berit M Eskeland Tittel: Prosjektrådgjevar E-post: berit.eskeland@meland.kommune.no Mobil: 454 45 602 Arbeid: 56171168 Navn: Anny Bastesen Tittel: Sektorsjef Teknisk Meland E-post: anny.bastesen@meland.kommune.no Mobil: 40038893
Meland kommune Meland, Norge