Stryn kommune

Stryn har om lag 7200 innbyggjarar og ligg i inste delen av Nordfjord. Vi har eit aktivt og utviklingsorientert næringsliv, der både reiseliv og industri er mellom dei fremste i landet på sine område. Stryn kommune har i overkant av 800 tilsette fordelt på 563 årsverk. Kommunen har ein ambisjon om å vere ein attraktiv arbeidsplass med fokus på å rekruttere, utvikle og halde på dei beste medarbeidarane. Stryn kommune vart i 2019 kåra til den 5. beste kommunen i Noreg på kommunebarometeret.

03/07/2020
SØKNADSFRIST: 12.08.2020 Då noverande økonomi-/IT-sjef skal gå av med pensjon, søker Stryn kommune ny økonomisjef.  Som økonomisjef vil du få ei nøkkelrolle i å vidareutvikle Stryn kommune som kompetanseorganisasjon. Du får ei sentral strategisk rolle og inngår i kommunedirektøren si toppleiargruppe. I  tillegg blir du ein viktig støttespelar for kommunalsjefar og andre leiarar. Stillinga rapporterer til kommunedirektør. Ansvarsområdet er kommunen si strategiske økonomistyring samt den operative leiinga av kommunen si økonomiavdeling. Avdelinga leverer tenester til heile kommuneorganisasjonen. Vi har store ambisjonar for den vidare utviklinga av avdelinga og økonomisjefen vert sentral i dette arbeidet. Vi søkjer ein kollega som kan utvikle organisasjonen Stryn kommune som tenesteleverandør og vere ein pådrivar...
Stryn kommune Stryn, Norge