Eidjord Kommune, Ulvik Herad og Ullensvang Kommune er eigarar av Energiselskapet Hardanger AS, og dette selskapet er 100% eigar av IHK AS. Nettselskapet har konsesjon i alle eigarkommunane samt delar av Voss Herad ( tidlegare Granvin Herad). Med nær 7000 kundar / målepunkt er IHK AS eit lokalt selskap som kan møta utfordringar i tida som kjem.
IHK AS ligg i storslått natur i vakre Hardanger. Kraft vert overført på både 66 og 24 kV systemspenning. 24 kV fordelingsnettet består av omlag 132 km kablar og 355 km luft linjer. 66 kV nettet består av 1,5 km kablar og 20 km luft linjer. I forsyningsområde er det vel 450 fordelingstransformatorar, fordelt mellom mastearrangement og nettstasjonar.
I tillegg kjem det 240 km kabel og 380 km luftspenn i lågspent fordelingsnett.