Skip to main content
Tilbake

Vik kommune

Vik i Sogn, Norge

Vik kommune ligg på sørsida av Sognefjorden, ein av dei lengste fjordane i verda. Til Vik kan ein komme ved å ta Rv13 over Vikafjellet frå Voss, Bergen og Oslo, eller ein kan komme via ferjesambandet Vangsnes-Hella-Dragsvik over Sognefjorden. Det er og eit hurtigbåtsamband mellom Vik og Bergen, om sommaren 2 gonger dagleg. Kommunen omfattar bygdene Fresvik, Feios, Vangsnes, Arnafjord og strendene, i tillegg til Vik sentrum. Tal innbyggjarar er 2.627 (pr.andre kvartal i 2020) Areal er 833 kvadratkilometer.