Hareid kommune, 82 km2, ligg i Møre og Romsdal, har om lag 4800 innbyggjarar og grensar i vest og sør til Ulstein, i aust til Ørsta og i nord til Sula og Giske.
 
Kommunen vart skilt ut frå Ulstein i 1917. I 1958 vart eit mindre område overført til Borgund, noverande Sula kommune.
 
Den største øya på Sunnmøre, Hareidlandet, er delt mellom to kommunar, og Hareid ligg på den austlege delen av denne øya. Landskapet er kupert, og det høgaste punktet i kommunen er Kongsvollen, 683 moh. Over 80 % av innbyggjarane i kommunen bur i administrasjonssenteret Hareid, og det finst òg to mindre tettstader i kommunen, Brandal og Hjørungavåg. Frå Hareid går det ferje austover til Sula, med veg vidare til Ålesund. Då Eiksundsambandet opna i 2008, fekk Hareidlandet ferjefritt vegsamband til fastlandet.