Modalen er ein kommune midt i Vestland fylke. I nord grenser me mot Høyanger, i aust mot Vik, i sør mot Vaksdal og i vest mot Alver og Masfjorden. Kommunen er den nest minste i landet målt i folketal med sine 390 innbyggjarar.
Modalen ligg innerst i Osterfjorden om lag time og 15 minutt med bil frå Bergen og 45 minutt frå Knarvik. Ein liten kommune med stor kraft som byr på mange og varierte opplevingar. Naturen er vakker med fjord og fjell og store fossefall. Stølsheimen, det store fjellområdet mellom Modalen, Sogn og Vossebygdene, er eit av dei finaste fjellområda på vestlandet. Modalen er ein naturleg innfallsport til dette landskapet. Kommunen har naturperler som Otterstadstølen, Hestabotn, Slottet og mange fleire. Vidare finn du mange merka turvegar og gode tilhøve for jakt, fiske og friluftsliv.
Kommunesenteret ligg på Mo. Dersom dykk er fleire som vurderer Modalen oppmodar me om å vitje Uni Micro AS på www.unimicro.no for evt. ledige stillingar.