Vest-Telemark Kraftlag AS vart stifta i 1940 og er eigd av Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje kommunar. Selskapet driv med kraftproduksjon, kraftomsetning, nett, breiband og tilhøyrande støttefunksjonar (økonomi, IKT m.m.) Talet på tilsette er i underkant av 60 fordelt på hovudkontoret og ei avdeling i Treungen. Kraftproduksjonen på 260 GWh er organisert gjennom Skafså Kraftverk ANS (67%), Sundsbarm Kraftverk DA (8,5%), Grunnåi Kraftverk AS (15%) og eit par småkraftverk. Nettavdelinga har ansvaret for eit omfattande nett, som sikrar straumforsyninga til 15000 kundar. Fiberaktiviteten er dels i eigen regi og gjennom eigarskap i Telefiber AS. Omsetninga ligg på 200-300 mill.kr i året og bokført verdi er på 800 mill.kr, av dette 400 mill.kr i eigenkapital. I tillegg har selskapet ansvaret for eit pensjonsfond på 150 mill.kr. Selskapet er under omorganisering til konsern for å oppfylle lovpålagte krav om selskapsmessig skilje gjeldande frå 2021.
Hovudkontoret er på Høydalsmo i Tokke kommune. Høydalsmo ligg ved E134 sentralt i Vest-Telemark og har gode forhold for idrett og friluftsliv heile året. Bygda har barne- og ungdomsskule og berre 20 km til vidaregåande skule.