Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger. Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Norheimsund er regionsenteret i kommunen og vart i 2013 tildelt «Statens pris for attraktiv stad». Her kan du oppleva «bygda med bypuls», handlegate, strandveg og bystrand. Les meir