Nye Ålesund kommune

Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund skal saman byggje nye Ålesund kommune.

Den nye storkommunen på Sunnmøre vil få om lag 67 000 innbyggjarar og 7000 tilsette. Dei fem kommunane har saman utarbeidd ein intensjonsavtale som grunnlag for etableringa av den nye kommunen. Nye Ålesund har ambisjonar om å skape ein føregangskommune og styrke regional slagkraft med Ålesund som eit urbant tyngdepunkt. Kommunen sin visjon er: nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet.

10/01/2020
SØKNADSFRIST: 02.02.2020 3x100 % faste stillingar og 100 % stilling, årsvikariat på barnehage- og grunnskuleområdet i PPT ledig for tiltreding snarast eller etter avtale. PPT i Ålesund kommune er ei av dei store PP-tenestene i Noreg. Kontoret har allereie meir enn 40 høgt kompetente medarbeidarar med master eller høgare grad innan pedagogikk, psykologi, spesialpedagogikk og andre relevante fagområde. Vi lyser no ut fleire faste stillingar og årsvikariat. Ålesund PPT har to kontorstader og skal dekkje eit stort geografisk område med meir enn 66 barnehagar, 36 skular og 6 vidaregåande skular. Tenesta sine arbeidsoppgåver er heimla i Barnehageloven §19 c og Opplæringslova §5.6. PPT skal hjelpe skulane og barnehagane i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for born/elevar med særlege behov og sørgje for at det blir utarbeidd sakkyndig vurdering der lova krev det. Vi søkjer etter kandidatar til arbeid i tenesteområda barnehage og grunnskule. Arbeidet vil i hovudsak vere knytt til arbeid med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å legge barnehage- og skuletilbodet betre til rette for barn med særlige behov og sakkunnige vurderingar av born og unge si utvikling og læring. Arbeidet vil gå føre seg ute i barnehagar og skular i møte med og i tett samarbeid med born/elevar, foreldre og personale. Det vert stilt krav om gode evner til samarbeid, fleksibilitet, til det å kunne arbeide sjølvstendig og målretta, og tidvis tåle høgt arbeidspress. Ein må pårekne mykje forflytning rundt i storkommunen. Det blir stilt krav om at den tilsette kan nytte eigen bil i arbeidet, og arbeidsgjevar gir tilgang til parkering og dekkjer utgifter etter statlege satsar. PPT i Ålesund skal yte tenester til det som tidlegare var kommunane Sandøy, Haram, Skodje, Ørskog og Ålesund, samt Fjord kommune. Arbeidsoppgåver Arbeidet er i hovudsak knytt til å drive utviklingsarbeid saman med barnehagar og skuler for å fremje gode og likeverdige utviklings- og opplæringstilbod for alle born. Dette vil gjelde førebygging, tidlig innsats, trygt og godt læringsmiljø samt rådgivning og støtte i overgangar mellom barnehage og skule, og mellom skuleslag. Ein stor del av oppgåvene er knytt til det å utvikle gode individuelle tiltak innanfor ramma av barnehagefellesskapet og klassefellesskapet. Dialog med føresette, barnehage eller skule, samt rettleiing inngår naturleg i prosessen. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal syte for at det blir utarbeidd lovpålagde sakkunnige vurderingar og hjelpe barnehage og skule i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling for å tilrettelegge eit likeverdig tilbod for born med særlege behov. Noko tid vil gå med til skriving av sakkunnige vurderingar som beskriv borns rett til spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning. Kvalifikasjonar Vi søkjer etter Ped.psyk rådgivar/rådgivar med mastergrad innan tenesta sine fagområde og/eller solid bakgrunn, erfaring og kompetanse frå barnehage eller skuleområdet. Søkjarar med gode referansar og rett utdanningsnivå blir prioriterte dersom vedkomande i tillegg kan syne til solid realkompetanse frå barnehage eller skuleområdet, samarbeidsevne og er personleg eigna for stillingane. Det vil bli lagt stor vekt på referansar som syner at søkjar er skikka til tett fagleg samarbeid i team, og til å møte born og vaksne i barnehagar og skular med relasjonsbyggande framferd. Søkjar må ha utdanning frå universitet/ høgskule innan fagområda barnehagepedagogikk, spesialpedagogikk/ pedagogikk/ psykologi/ pedagogisk-psykologisk rådgivning, rådgivning eller utdanning knytt til organisasjons og utviklingsarbeid. Søkjarar må kunne syne til realkompetanse frå barnehage eller skule og til gode evner i norsk munnleg språk og skriftleg framstilling. Det er ynskjeleg med testteoretisk kompetanse. Ein må ved tilsetjing vere villig til å gå inn i etter/vidareutdanningsprogram i tråd med tenesta sine behov. Personlege eigenskapar PPT ynskjer å rekruttere utviklings- og samarbeidsorienterte medarbeidarar som har erfaring frå teamarbeid og som har god kommunikativ kompetanse. Det å meistre begge målfører skriftleg tel positivt i den totale vurderinga. Søkjarar må oppgje referansar og kunne syne til erfaring fra liknande arbeidsoppgåver. Om søkjaren er personleg eigna og har god arbeidskapasitet vil bli vektlagd. Vi tilbyr Variert og spanande arbeid i ei stabil, kompetent og erfaren faggruppe. Etablerte rutinar for etter- og vidareutdanning i tråd med pålagte oppgåver, samt intern opplæring og rettleiing i arbeidet. PPT tilbyr konkurransedyktig løn etter avtale. PP-tenesta er pr.i dag organisert i fire team med fagleiarar på områda barnehage, grunnskule, læringsmiljøog vidaregående opplæring. I tenesta vil der vere kring 50 tilsette i ulike stillingar fra 2020. Dette inkluderer fagstab og fagleiarar, samt merkantil stab, assisterande leiar og verksemdsleiar. Tenesta arbeider etter verdiar og mål for Nye Ålesund kommune, og er lokalisert i kontorlokaler Ørskog rådhus på Sjøholt og i Ålesund rådhus. Kontaktinformasjon Solfrid Stavdal , Einingsleiar , 412 98 311 Svein Ola Lillestøl, Verksemdsleiar, 950 84 371
Nye Ålesund kommune Ålesund, Norge