Osterøy er Norges største innlandsøy med rett over 8000 innbyggjarar. Øya ligg nordaust for Bergen og har fastlandsforbinding via bru eller ferje. Det tek ca. 20 minutt frå Arna og 40 minutt frå Bergen med bil.

14/01/2020
  SØKNADSFRIST: 31.01.2020 Kort om stillinga: Lonevåg skule har 212 elevar. Skulen har samla dei administrative ressursane i to avdelingsleiarstillingar, i tillegg til rektor. Rektor vil fordela pedagogiske og administrative oppgåver ut ifrå avdelingsleiarane sin kompetanse,erfaring og interessefelt. Leiingsressursen og undervisningsdelen i stillinga er dynamisk ut frå skulen sine behov og kompetanse i leiinga. Lonevåg skule har lange tradisjonar for utviklingsarbeid, og har dei siste åra jobba med læringsmiljø i samarbeid med dei andre barneskulane i kommunen og UDIR. Lonevåg skule har og vore ein del av Språkkommuneprosjektet. Fagfornyinga kjem til å vera ein viktig del av utviklingsarbeidet dei neste åra. Arbeidsoppgåver: - Samarbeide tett med skulen si leiargruppe og utføre arbeid delegert av rektor. - Pedagogisk leiing med ansvar for oppfølgjing av spesialpedagogisk og sosialpedagogisk arbeid i samarbeid med tilsette, føresette og andre instansar, med fokus på eleven sitt beste. - Følgje opp elavane sitt læringsmiljø og læringsutbyte. - Kontaktlæraransvar for elevråd - Vikararbeid - Undervisning som del av stillinga. Kompetanse: - Formell utdanning for skuleslaget. - Relevant vidareutdanning innan spesialpedagogikk og erfaring frå spesialpedagogisk arbeid. - Ynskjeleg med utdanning og erfaring innanfor leiing. - God IKT- kompetanse - Ynskjeleg med analysekompetanse - Leiarerfaring og personlege eigenskapar vert vektlagt. Personlege eigenskapar: - Evne til å vera ein tydeleg, inkluderande og inspirerande leiar som er synleg og til stades. - Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. - Kan arbeide strukurert og systematisk, sjølvstendig og i team. - Kan leie personalet i refleksjonsarbeidet i ein lærande organisasjon. Er både prosess og resultatorientert. - Er løysingsorientert og fleksibel. - Kan utvikla gode relasjoner til elevar, føresatte og medarbeidarar. - Set elevane i fokus. Vi tilbyr: - Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. - Medlemskap i Statens pensjonskasse. Annan informasjon - Krav om politiattest jfr.opplæringslova - Vitnemål og attestar som ikkje er lasta opp elektronisk, vil ikkje bli returnert. - Søknader skal registrerast elektronisk på Osterøy kommune si webside - Søkarlister er offentlege
Osterøy kommune Osterøy, Norge
07/01/2020
SØKNADSFRIST: 02.02.2020 Heimetenesta søkjer sjukepleiar i 100% stilling Kort om stillinga Osterøy Kommune har ledig fast stilling som sjukepleiar i heimetenesta ved Hauge Omsorgsbustad. Osterøy er Norges største innlandsøy med rett over 8000 innbyggjarar. Øya ligg nordaust for Bergen og har fastlandsforbinding via bru eller ferje. Det tek ca. 20 minutt frå Arna og 40 minutt frå Bergen med bil. Øya har nydeleg natur frå fjord til fjell.  Hauge omsorgsbustad er ein del av heimetenesta og inneheldt 16 husvære. Dei som bur her vert rekna som heimebuande og følgjer same retningsliner som andre heimebuande. Sjukepleiaren har eit overordna ansvar på si vakt. Det inneber faglege vurderingar og rettleiing/oppfølging av medarbeidarar og bebuarar. Hauge omsorgsbustad har heildøgns bemanning med eigne nattevaktar.  Arbeidsoppgåver Omsorg til menneske i deira eige heim Bidra til å styrke bebuarane sine eigne ressursar for å ivareta eige liv og helse (kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi) Planlegge sjølvstendig og ta raske avgjersler. Utføre kliniske vurderingar og fortløpande vurdere bebuars heilskaplege tilstand Samarbeid med pårørande Samarbeid med kollegaer, fastlege, ergo/fysioterapeut, sjukeheim, spesialisthelsetenesta m.m. Faste møter med fleire samarbeidspartar  Kompetanse Krav om autorisasjon som sjukepleiar Fordel med relevant viderutdanning, men ingen krav Krav om å beherske vanleg IKT verktøy (vi har CosDoc som dokumentasjonsprogram) Krav om gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg  Personlege eigenskapar Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Ansvarsbevisst Fleksibel og endringsvilleg Viser omsorg for andre Vera eit godt forbilde for medarbeidarar, bebuarar og pårørande Punktleg og stukturert Å vere personleg egna til jobben vert vektlagt  Vi tilbyr Gode pensjons- og forsikringsvilkår. Løn etter gjeldande tariffavtale.  Anna Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd. Førerkort klasse B er påkrevd.  Kommunen har 6 mnd prøvetid ved ansettelse. Avdeling: Sektor for Helse, Omsorg og Sosial Heimetenesta Arbeidstid: Skift/turnus Tiltreding: 02.03.2020 Heimeside: /www.osteroy.kommune.no/innhald/helse-sosial-og-omsorg/
Osterøy kommune Remote (Osterøy, Norge)