Aurland ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Vi vil vera Norges fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i sterk vekst. Vi er snart 1800 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge og gode oppvekstkår, kultur, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting.

01/11/2019
SØKNADSFRIST: 20.11.2019 ER DU VÅR NYE KOLLEGA? Ledig 100% vikariat, med høve for fast tilsetjing, som sakshandsamar i Aurland og Lærdal barnevern. Arbeidsoppgåver Arbeidet inneber sakshandsaming etter Lov om barneverntjenester. Den som blir tilsett må pårekne arbeid utanfor ordinær kontortid. Kven er du? - ein modig vaksen - trygg på deg sjølv og eigne verdiar - har humor, varme og tolmod - interessert i faget og fagutvikling - har respekt for alle som du kjem i kontakt med gjennom arbeidet ditt - tåler motstand og press - er kreativ og løysingsorientert - god til å uttrykke deg munnleg og skriftleg Kven er me - ei teneste med mange og spennande arbeidsoppgåver - opptatt av å utvikle oss fagleg til det beste for brukarane - engasjerte og hyggelege kollegaer - opptatt av å ha eit godt arbeidsmiljø og gje god kollegastøtte - bli betre på å samarbeide med andre tenester Per i dag er oppmøtestaden i Aurland, og arbeid i begge kommunar må påreknast. Kvalifikasjonar Sosial, barnevern eller andre relevante utdanningar på høgskulenivå, minimum bachelor nivå. Førarkort klasse B Erfaring frå sakshandsaming Personleg dugleik vert særleg vektlagd Krav til språkkunnskapar Søkjar må kunne dokumentere gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg. Løns- og tilsetjingsvilkår Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. Generell informasjon om søknadsprosessen Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord". Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. Kontakter Navn: Anja Brekke Moldvær E-post: anja.moldvaer@aurland.kommune.no   Mobil: 90884863
Aurland kommune Aurland, Norge