Bømlo kommune ligg mellom Bergen og Haugesund og har Nordsjøen som næraste nabo. Kommunen har ca 11.800 innbyggjarar, og har eit variert og aktivt næringsliv med havet som utgangspunkt. Her er høgteknologiske miljø og mekanisk industri retta mot skipsfartsnæringa, stor rederiverksemd særleg retta mot offshoreindustri, ei ekspansiv havbruksnæring og godt utbygde handels- og servicenæringar.

Kommunen kan også by på eit godt oppvekstmiljø og eit rikt frilufts- og kulturliv. Kommunen har om lag 800 tilsette.