Skip to main content

Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal. 

Fjord kommune som har litt under 2700 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.

Den nye kommunen vil ha eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og  møbelindustri og ulike andre  former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med stort  fokus på tilrettelegging for lokalt  næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane.