Vaksdal kommune har litt over 4000 innbyggarar og ligg sentralt mellom Bergen og Voss. Kommunen har ein stolt industritradisjon med blant andre merkevaren Dale of Norway, anlegg for Felleskjøpet Agri og Norgesmøllen. E16 og Vossabanen går gjennom kommunen og modernisering av desse er under planlegging. Tre stasjonar gjev godevilkår for inn og ut pendling, og kortavstand til både Bergen og Voss. Vaksdal er vertskommune for kraftproduksjon. Kommunen har eit variert organisasjonsliv og fjord og fjell gir gode mogelegheitert for friluftsliv og rekreasjon.