Gol kommune

Gol er ein kommune i Hallingdal med ca. 4.600 innbyggjarar. Vi kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Gol har eit koseleg og innbydande sentrum, som er eit knutepunkt i Hallingdal og ein populær handleplass med mange og varierte butikkar. Kommunen har ny grunnskule og snart ny fleirbrukshall, god barnehagedekning og eit variert skuletilbod innan vidaregåande skule

18/01/2021
SØKNADSFRIST: 10.02.2021 Er du vår nye lege? Ved kommunelegekontoret på Gol er det ledig ei fast 100% stilling som fastlege frå 01.04.2021. Kontoret har 6 faste legar, 1 LIS1 -lege og 6 medhjelparar. Stillinga er fastlønna. Det er 720 innbyggjarar på fastlegelista. Til stillinga ligg 1 dag som tilsynslege på sjukeheimen. Til stillinga ligg også deltaking i Ø-hjelp på dagtid og full legevakt. Det er legevaktsamarbeid, 8-delt vakt, med Hemsedal på kveld, helg og høgtid. For nattlegevakt er det interkommunalt samarbeid med base i nabokommunen Ål. Ynskjer du eit spennande og variert legeliv og med gode samarbeidpartnerar, er dette ein god arbeidplass. Kontoret er velutstyrt med mykje moderne utstyr, blant anna digitalt røntgenutstyr og ultralyd. Arbeidsoppgåver: • Fastlege for 720 innbyggjarar • Tilsynslege sjukeheim • Ø-hjelp på...
Gol kommune Gol, Norge
18/01/2021
SØKNADSFRIST: 10.02.2021 Er du vår nye jordmor? Frå 01.03.21 er det ledig ei 60 % fast stilling som jordmor ved helsestasjonen i Gol.  Helsestasjonen har 2 jordmødrer og 4 helsesjukepleiarar og held til i gode, trivelege lokale i same bygg som legekontoret.  Tenesta er organisert under helseavdelinga, med fagleiar for jordmortenesta som fagansvarleg og avdelingsleiar helse som næraste overordna.  Fire av Hallingdalskommunane har felles beredskapsvakt og følgeteneste for gravide til sjukehus. Dette er organisert i turnus med døgnvakter inkludert kveld, natt, helg og høgtider. Per dato er det vakt kvar 6. helg. I stillinga er det krav om deltaking i dette. Det er eigen avtale om godtgjering for dette.  Stillinga krev nært samarbeid med andre kommunale og interkommunale tenester.  Arbeidsoppgåver: Svangerskapsomsorg Svangerskapskurs Kvinnehelse/...
Gol kommune Gol, Norge